Bokbad med Dag Jørund Lønning
Schedule
Fri, 22 May, 2026 at 07:00 pm
UTC+02:00Location
Kårbø, 5917 Rossland, Norge | Bergen, HO
Advertisement
Endelig kan vi ønske velkommen til en kveld med Dag Jørund Lønning på Vardegard! Vi serverer enkel suppe, og har også salg av øl og vin.
Inngang: 100 kr
PROGRAM:
• Bokbad. Samtale om «Andre Losebok. Det såande mennesket» mellom Marthe Valle og Dag Jørund Lønning
• Pause med boksal og signering
• Foredrag ved prof. Dag Jørund Lønning: Kvifor blei mennesket ein naturøydeleggar? Og korleis kan me bli det motsette?
• Boksal og signering
Losebøkene handlar om eit komande og heilt nødvendig hamskifte: Frå det naturøydande til det naturbyggjande menneskesamfunnet.
Kan mennesket bli ein nyttig art i naturen?
Losebøkene syner leia mot eit naturnært menneskesamfunn. Mot eit EKTE grønt skifte.
Det trengst hard lut, ja, men det er ei lei me alle endå kan finna.
Losebøkene handlar om ei verd som må koma dersom menneskeætta skal ha ei framtid.
Det er ei verd som veks ut av den me har i dag, men som likevel ser heilt annleis ut.
Det er ei verd milliardar av menneske lengtar etter.
BAKSIDETEKST «ANDRE LOSEBOK. DET SÅANDE MENNESKET»:
Losebøkene handlar om det ekte grøne skiftet; om overgangen frå ein naturøydande til ein naturbyggjande menneskekultur.
Grøntidslos Ascendere Promoveo skal gå føre i dette enorme hamskiftet og i Andre Losebok er han i gang med eit nytt oppdrag:
Korleis skapa verdiar og byggja gode lokalsamfunn utan å øydeleggja natur?
Ei gigantisk utfordring, ja, men det er minst tre årsaker til at han kan lukkast:
1: Han har særs god hjelp. Både av verda sine aller fremste filosofar OG av Grøntidsgrenda sine sterkt engasjerte og særs lystige innbyggjarar. Her kan absolutt alt skje. Ikkje minst mykje galskap.
2: Losebøkene spelar seg ut i Grøntida, når menneske ikkje lenger har lov til å øydeleggja natur. Våre kreative krefter må mobiliserast i naturen si teneste. Og det er sanneleg utruleg kva me får til når me berre må!
3: Det menneske har skapt kan menneske endra. Me må ikkje leva erobrande og haustande. Me kan sjølvsagt leva såande i staden. Me har faktisk mange tusen år med erfaring i nettopp det..
I Andre Losebok blir det m.a. bygd ny kultur med treklossar frå ei skrapgran, konkludert i den tusenårige diskusjonen om meininga med livet, helsa på ein vaskeekte pisslamist med Øy både i fornamn og etternamn og sett nye spor i snøen som fall i fjor. Dessutan blir ein rasande industrialist effektivt kua av ein nestengreve akkompagnert av ei eik. Vidare blir forholdet mellom folk og dyr snudd på hovudet, all «energikrise» blir avslørt som vrøvl og det blir utvikla ein heilt ny og knallstilig rockesjanger. Gode mat, god drykk og skikkeleg folkefest blir det og tid til. På Vertshuset Tåskahåve så vel som på Samfunnshuset Tåskaskap.
Losebøkene høver ikkje innanfor nokon etablert sjanger. Dei skaper sine eigne. Her møtest fantasien, prosessfilosofien, idéhistoria, mold- og naturinnsikta, humoren og alvoret, mystikken, antropologien og, ikkje minst, nyskapingsfaget. Det heile blir knytt saman av forvitenskap, stor forteljarglede og eit brennande engasjement for naturen og livet.
Forfattar er professor i nyskaping, Dag Jørund Lønning. Han står også bak suksessane Jordboka (2017), Jordboka II (2019), Kompostboka (2020), Første Losebok. Naturanto (2021) og Jordboka for hagen (2024).
Advertisement
Where is it happening?
Kårbø, 5917 Rossland, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















