Bjørnafjorden demenskor m/gjestar
Schedule
Mon, 26 May, 2025 at 05:30 pm
UTC+02:00Location
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Bjørnafjorden demenskor gjentek suksessen, og ønskjer deg velkommen til konsert med høg allsongfaktor og god stemning. Her får du oppleve musikken si magiske kraft – kjenn kor godt song gjer for hovudet, kroppen, sjela og humøret!
Koret starta opp i april 2023, og har songarar frå heile kommunen som treffast til øving kvar veke på Oseana kunst- og kultursenter.
Vi har fokus på glede og meistringskjensle, vi har eit variert repertoar av kjente og kjære songar – og vi syng med den stemma vi har!
Denne kvelden har vi også med oss nokre gjestar som vi gler oss til å presentere for publikum.
Stine Kobbeltvedt frå Os frivilligsentral leier koret saman med musikkterapeut Solfrid Harstad Hernes. Med seg har dei ein fantastisk gjeng med frivillige medarbeidarar, i tillegg til demenskoordinator Sølvi Bjørnevoll Fagertveit, Anne-Siv Skåthun og Bjørnafjorden demensforening.
Advertisement
Where is it happening?
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge,Osøyro, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays: