Beredskapskafé på Frekhaug bibliotek
Advertisement
Beredskapskafé på Frekhaug bibliotek – Nasjonal bibliotekdag 2026
Kva gjer du dersom straumen går, nettet kollapsar eller ei krise rammar lokalsamfunnet? Og kva rolle spelar biblioteket i beredskap og krisetid?
I høve Nasjonal bibliotekdag tysdag 1. september inviterer Alver bibliotek til beredskapskafé på Frekhaug bibliotek. Me set søkjelys på både praktisk eigenberedskap i heimen og biblioteket si rolle som ei trygg hamn og informasjonssentral når kriser oppstår.
Me byr på kaffi, noko å bita i og eit matnyttig program for alle.
Program
Velkomen og opning
Biblioteket som tilfluktsstad – kva tyder det i praksis når krisa råkar?
Miniforedrag
Kjeldekritikk i krisetid – korleis kjenner me att desinformasjon og falske nyheiter når det gjeld som mest?
Om beredskap
Beredskapsquiz
Test kunnskapane dine og vinn små, nyttige premiar.
Utstilling og inspirasjon heile dagen
72-timarsstasjon: Sjå døme på kva du faktisk bør ha heime i beredskapslageret ditt.
Brosjyrar og litteratur: Ta med deg den offisielle beredskapsbrosjyren frå DSB. Me stiller òg ut eit variert utval bøker – frå fagbøker om klimaendringar, sivilforsvar og krisehandtering til spennande skjønnlitteratur der bibliotek og samfunn står i krise.
Stad: Frekhaug bibliotek
Dato: Tysdag 01.09.2026
Tid: Kl. 18.00–19.30
Inngang: Gratis, og me serverer kaffi og noko attåt.
Kom innom for ein hyggeleg og lærerik prat. Velkomen!

Where is it happening?
Frekhaug bibliotek, Frekhaug Senter, Eviny, Havnevegen 1, 5918 Frekhaug, Norge, Bergen, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherAlver bibliotek