Alexander Røynstrand. Slåttar frå Hardanger
Advertisement
Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet og kan smykke seg med tittelen meisterspelemann. På Landskappleiken i 2019 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal.
Hans musikalske uttrykk byggjer på det tradisjonelle hardingfelerepertoaret i Hardanger med Knut Hamre og Anders Kjerland som dei fremste ideala. Han har likevel gjennom mange år som solo hardingfelespelar funne fram til personlege tolkingar, og er særs oppteken av kva han ynskjer å formidle gjennom musikken.
Ambisjonane til Alexander er å kunne leve av og arbeide som soloutøvar på hardingfele – soleis også kunne vidareføre Hardangertradisjonen til dei neste generasjonane. Han ynskjer også å leggje til rette for at flest mogeleg vert eksponert for folkemusikk og at alle veit om denne fantastiske musikken og tek ulike typar publikum som ei gledeleg utfordring. Alexander er klar over at han aldri kjem til å kunne bli ferdig med å utforske tradisjonen sin og å vidareutvikle sine eigne tankar kring den og sitt eige musikalske uttrykk, men seier at dette er ein stor motivasjon for å halde fram som musikar.
✅ Gratis inngang.
⏱️ Kaféen er åpen til klokken elleve på kveldstid ved dette arrangementet.

Where is it happening?
Agnes torg 8, 3290 Stavern, Norway, Agnes Torg 8, 3290 Stavern, Norge, Larvik, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherHavfuglen café