17. mai-frukost i Norkirken for alle som vil vere med!
Schedule
Sun, 17 May, 2026 at 08:00 am
UTC+02:00Location
Bjørnsons gate 11, 5059 Bergen, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Norkirken sine studentar og unge vaksne inviterar til 17. mai-frukost i Norkirken sine lokale i Bjørnsons gate for alle som vil vere med!Kl. 08:00 møtest vi Bjørnsons gate 11 til frukost, tale, song og feiring av nasjonaldagen🇳🇴 Etter kvart blir det felles avgang til hovudprosesjonen og kristentoget for dei som vil vere med på det.
Arrangementet kostar 200kr, og påmelding skjer til Norkirken sitt SMS-nummer 59447344 (Skriv namn og eventuelle allergiar). Påmeldingsfrist: 15. mai.
Etter påmelding mottek du eit betalingskrav på Vipps som må betalast for at du skal bekrefte plassen din, då vi kun har cirka 50 plassar. Ved betaling blir du registrert som medlem av Acta Barn og Unge i Normisjon sitt lokallag “Studenter og unge voksne i Bergen”, då det hjelper oss å lage eit endå betre arrangement.
Sjølv om det er Norkirken sine studentar og unge vaksne som står som arrangør, er du hjarteleg velkommen om du fell innanfor den kategorien eller ei. Vi håpar å få starte nasjonaldagen saman med deg!
Har du spørsmål om arrangementet? Då kan du sende ei melding til 41388156 (Frida Bjørnereim Dalsbø)
Advertisement
Where is it happening?
Bjørnsons gate 11, 5059 Bergen, Norway, Bjørnsons gate 11, Kompagniet, 5059 Bergen, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.








