– Ka sa du? Om dialektane sin status i Tyskland og Italia

Schedule

Tue, 27 Oct, 2026 at 07:00 pm

UTC+01:00
Location

Alver bibliotek, Knarvik | Bergen, HO

Advertisement
Korleis blir dialektar vurderte i ulike delar av Europa?
Førstebibliotekar ved HVL, Bodil Moss og lektor Hjertrud Raknes held føredrag om sicilianske ungdommar sine haldningar til eigen dialekt og om haldningsendringar til dialektar blant tyskarar som har flytta til Noreg. Møteleiar er professor emeritus Johan Myking.
***
Bodil Moss om føredraget "Dialekthaldningar på Sicilia":
Kva svar får ein når ein spør ein siciliansk femtenåring om han likar sin eigen dialekt?
I doktorgradsavhandlinga mi såg eg på samanhengen mellom sicilianske ungdommars haldningar til eigen dialekt og faktisk dialektbruk. Den sicilianske dialekten har tradisjonelt vorte stigmatisert og knytt til låg sosial status og organisert kriminalitet, fordi det stort sett var dei som ikkje hadde utdanning som snakka den. Italiensk vart hovudsakeleg brukt av eliten i skriftlege og formelle situasjonar. Migrasjon, industrialisering, og introduksjonen av massemediet førte til ei oppblomstring av nasjonalspråket som resulterte i ein nesten fullstendig sensur av dialektane på 1980-talet. På det mest ekstreme nekta foreldra barna sine å snakke dialekt.
I dag blir igjen dialekten sett på som ein identitetsmarkør og berar av kultur og tradisjon, men i mange av haldningane heng stigmatiseringa igjen. Mellom anna gjennom å spørje 400 vidaregåandeelevar om dei likar si eiga dialekt, og kvifor/kvifor ikkje, fann eg ut at det handlar om mykje meir enn å gjere seg forstått: Eg vil no vise nokre av svara eg fekk, alt frå dei enkle og positive svara som at siciliansk dialekt er musikalsk, morosam, tradisjonell eller enklast å forstå, til dei tungt psykologisk ladde og symbolske svara som «Italiensk Språk er meir korrekt, meir danna, medan ein sicilianske dialekta [sic.] er meir vulgær og det er berre ungar og dei møkkete, uoppdregne, slemme og fattige som snakkar den.»
***
Foto Myking: Dag Hellesund i På Høyden
Foto Moss: Høgskulen på Vestlandet
Advertisement

Where is it happening?

Alver bibliotek, Knarvik, Idrettsvegen 15, 5936 Manger, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Alversund m\u00e5llag
Host or PublisherAlversund mållag

Ask AI if this event suits you