Workshop Elite
Schedule
Fri, 05 Jun, 2026 at 05:00 pm
UTC+02:00Location
Arna | Bergen, HO
Advertisement
Elite-minicamp: Frå kaos til kontroll– Ein todelt workshop for dykk som siktar mot toppen
Er de klare for å kjenne på kva Elite-nivået krev? Denne workshopen er ikkje eit vanleg kurs, men ein intensiv "minicamp" designa for å utfordre ekvipasjar i Klasse 3 eller dei som trenar målretta mot Elite. Me startar med elddåpen i eit forholdsvis nytt miljø og avsluttar med strategisk finpuss.
Del 1: Fredag kl. 17:00
Me startar med litt diskusjon/forventningsavklaring på kva elite kanskje kjem til å innehalde, og kva utfordringar me ser for oss dukkar opp der. Deretter køyrer me på med nokre konkurranselike søksutfordringar i ein slags prøvekonkurranse i forenkla form.
Del 2: Søndag kl. 16:00
Etter ein dag med kvile og refleksjon, møtest me att i andre omgjevnader for å tette hola i grunnmuren. Me tek med oss erfaringane frå fredagen og jobbar målretta med strategiar for å trening mot elite, og har fleire diskusjonar om kva utfordringar me kan møte. Me tar og ein runde med nye, konkurranselike søk der me testar ut løysingane frå diskusjonane våre i praksis.
All trening blir i Arna.
Ekvipasjane bør allereie vere på klasse 3 nivå for å få utbytte.
Advertisement
Where is it happening?
Arna, Bergen, Hordaland, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















