Viseskiftet

Schedule

Thu, 20 Aug, 2026 at 08:00 pm

UTC+02:00
Location

Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway | Bergen, HO

Advertisement
Ein ny sesong med Viseskiftet står for døra. Til sesongpremieren kjem to generasjonar eminente musikarar frå Vestlandets to største byar.
For ein som er oppvaksen med ein musikkritikar til far sit det nok langt inne å skrive sin første låt. Heldigvis for oss gjorde likevel Andreas Flatøe akkurat det, og no har han gitt ut to album og ein EP med eigenskrivne songar. Og forresten, han er berre 20 år gamal. Gle deg til å sjå ein av visebølgjas aller største låtskrivartalent, gjeste Viseskiftet med sin Ole Paus-signerte gitar.
Tarjei Vatne (f. 1969) rakk akkurat å oppleve 60-talet, og har sidan drøymt om å vende tilbake dit. Dette har resultert i eit liv med gitaren som evig følgjesvein, og ei eller anna strofe frå Prøysen, Beatles eller Hendrix surrande permanent i bakhovudet.
Når han sausar dette saman i ledige stunder, erklærer han stolt at han har skrive ein eigen song, i følgje han sjølv. Har du vore så uheldig å ikkje oppdage denne skatten av ein formidlar, har du i alle fall sjansen no når han kjem til Viseskiftet med eit knippe av sine eigne norske songar.
PS: Viseskiftet-vert August Selnes slepp debutalbumet "Gjennom veggen" fredag 21. august. Det feirer vi med ein open lyttekveld i forlenging av kveldens program – tre timer før den offisielle utgivinga!
*********************************************************************
Om Viseskiftet: Vertane August Selnes og Lovise Espeland byr opp til samspel, framføringar og samtale med utvalde gjester som lever av, med eller for visemusikk og lyrikk.
Sett deg ned – stearinlysa er tende, borda dekte med velurduk og tappekrana er intakt– du er blant venner no.
Foto: Daniel Bjørkedal
Advertisement

Where is it happening?

Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway, Det Vestnorske Teateret, Øvre Ole Bulls plass, 5012 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Det Vestnorske Teateret
Host or PublisherDet Vestnorske Teateret

Ask AI if this event suits you