Viseskiftet
Schedule
Thu, 16 Apr, 2026 at 08:00 pm
UTC+02:00Location
Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Viseskiftet inviterer til musikk, samtale og overraskingar på Det Vestnorske Teateret sin Skifte bar.Ein torsdag i månaden blir Skifte forvandla til ei heimekoseleg stove fylt med nye og gamle viser. Vertane August Selnes og Lovise Espeland byr opp til samspel, framføringar og samtale med utvalde gjester som lever av, med eller for visemusikk og lyrikk.
Sett deg ned – stearinlysa er tende, borda dekte med velurduk og tappekrana er intakt– du er blant venner no.
*********************************************************************
Premiere på Viseskiftet 16. april!
Til verdshistorias første Viseskiftet 16. april kjem tre unge, vestlandske musikarar med noko å melda.
Iver Strand Senneset frå Bremanger syng, speler og skriv låtar for publikums- og P1-favoritten Oddny.
Synneva Gjelland frå Voss skriv, syng og speler i det pønkete, politiske visebandet Sliteneliten. Ho har tonesett dikt av Halldis Moren Vesaas, driv gard på heiltid og speler hardingfele på si.
Edvard Kildahl frå Bømlo studerer jazzvokal på jazzlinja i Trondheim. Men rykta skal ha det til at han stort sett bruker tida på visemusikk - både andres og eigne låter.
Me kunne skrive side opp og ned om dei flotte gjestene våre. Men resten må de finna ut av sjølv. På Viseskiftet 16. april.
Advertisement
Where is it happening?
Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway, Det Vestnorske Teateret, Øvre Ole Bulls plass, 5012 Bergen, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















