Vi les Fosseforedraget av Marilynne Robinson

Schedule

Thu, 23 Apr, 2026 at 07:30 pm

UTC+02:00

Location

Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway | Oslo, OS

Advertisement
Kva skal skje?
Forfattar og professor Jan Grue, førsteamanuensis i Amerika-studiar Hilde Løvdal Stephens og kritikar Live Lundh diskuterer det ferske foredraget til den amerikanske forfattaren og litteraturprofessoren Marilynne Robinson. Ho er ein av dei fremste litterære tenkjarane i vår tid og er særleg kjend for den prislønte Gilead-kvartetten. Kva fortel Robinson om litteraturen i foredraget sitt, og kva meiner panelet om det ho skriv?
Samtalen blir leia av litteraturkritikar Preben Jordal, som har omsett Fosseforedraget.
Om du vil førebu deg, kan du følgje Fosseforedraget på nett eller på storskjerm hos Nasjonalbiblioteket frå klokka 16.00 same dag. Sjå detaljane her: https://www.nb.no/fosse/fosseforedraget-og-fosseprisen/
Fosseprisen for omsetjarar og Fosseforedraget blei oppretta av regjeringa for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse. Fosseforedraget blir halde kvar april av ein internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som har gjort ein særleg innsats for å fremje forståinga av, eller formidlinga av, litteratur på verdsbasis. Fosseprisen går til ein omsetjar som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk.
Kven møter du?
Jan Grue er forfattar og professor ved Universitetet i Oslo. Han har eit breitt forfattarskap som omfattar sakprosa, skjønnlitteratur og barnebøker, og blei tildelt Kritikerprisen i 2018 for Jeg lever et liv som ligner deres.
Hilde Løvdal Stephens er førsteamanuensis i Amerika-studiar ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på amerikansk historie frå 1900-talet, med særleg vekt på religion, konservatisme, kultur og utdanning, og er forfattar av Family Matters: James Dobson and Focus on the Family’s Crusade for the Christian Home.
Live Lundh er litteraturvitar og fast kritikar i Morgenbladet og har lenge følgt Marilynne Robinson sin forfattarskap tett. Ho sit også i Fosserådet, som fungerer som eit fagleg rådgivande organ for Fosseforedraget.
Preben Jordal er kritikar og redaksjonssjef i Verbum forlag. Han har omsett tre av Marilynne Robinson sine essaysamlingar, óg årets Fosseforedrag.
Når og kor?
Torsdag 23. april 18.30–19.30
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du må ha husbillett for å sikre deg plass i Målstova eller eit anna rom på huset der arrangementet blir vist på storskjerm. Hent ut billett her: https://event.checkin.no/221133/23-04-vi-les-fosseforedraget-av-marilynne-robinson
Med billett får dei fleste som kjem, plass i hovudsalen.
Dørene opnar 30 minutt før arrangementet startar. Ubrukte plassar blir fristilte ti minutt før arrangementet startar.
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet og opptaket ligg ute i 14 dagar på nb.no/tv.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst. I løpet av hausten opnar dei restaurant.
Velkommen!
Advertisement

Where is it happening?

Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway, Observatoriegata 2B, 0254 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Nasjonalbiblioteket

Host or Publisher Nasjonalbiblioteket

Ask AI if this event suits you:

Discover More Events in Oslo

Magnus Myhr: KAUK
Thu, 23 Apr at 07:00 pm Magnus Myhr: KAUK

Black Box teater

Spetakkel p\u00e5 MIR!
Thu, 23 Apr at 07:00 pm Spetakkel på MIR!

MIR

Fatoumata Diawara
Thu, 23 Apr at 07:00 pm Fatoumata Diawara

Sentrum Scene

Amanda Bergman - embraced for a second as we die
Thu, 23 Apr at 07:00 pm Amanda Bergman - embraced for a second as we die

Rockefeller

Only Connect Oslo 2026
Thu, 23 Apr at 08:00 pm Only Connect Oslo 2026

Oslo

FESTIVALS
Martin \u00d8degaard plateslipp  \/\/ Kaf\u00e9 H\u00e6rverk
Thu, 23 Apr at 08:00 pm Martin Ødegaard plateslipp // Kafé Hærverk

KAFÉ HÆRVERK

Only Connect Oslo: \u00c5pningskonsert: KORK + POING\/Yoshida\/Silva + Naaljos Ljom
Thu, 23 Apr at 08:00 pm Only Connect Oslo: Åpningskonsert: KORK + POING/Yoshida/Silva + Naaljos Ljom

Kulturkirken JAKOB

FESTIVALS MUSIC
Time is blind guide\u00ad \/\/ Nasjonal jazzscene
Thu, 23 Apr at 08:00 pm Time is blind guide­ // Nasjonal jazzscene

Karl Johans gate 35, 0162 Oslo, Norway

MUSIC ENTERTAINMENT
Hva skjer med Norge, hvis vi blir medlem av EU?
Wed, 08 Apr at 08:00 am Hva skjer med Norge, hvis vi blir medlem av EU?

Brød & Sirkus

SPORTS
Etikk versus profitt for Oljefondet
Wed, 08 Apr at 12:15 pm Etikk versus profitt for Oljefondet

UiO : HumSam-biblioteket

EU til Lunsj - Hva skjer med matsikkerheten?
Wed, 08 Apr at 12:15 pm EU til Lunsj - Hva skjer med matsikkerheten?

Eilert Sundts hus, Blindern

Det umuliges kunst? Om bruk av KI i kreativ praksis
Wed, 08 Apr at 03:00 pm Det umuliges kunst? Om bruk av KI i kreativ praksis

Scene Domus Bibliotheca

ART
Seminar "diskriminering i arbeidslivet"
Wed, 08 Apr at 05:00 pm Seminar "diskriminering i arbeidslivet"

Harriet Holters hus

WORKSHOPS
Kunstig kreativitet?
Wed, 08 Apr at 06:00 pm Kunstig kreativitet?

Universitetets aula

ART
Hva skjer med verden?
Wed, 08 Apr at 06:00 pm Hva skjer med verden?

Stortingsgata 20, Oslo, 0161 Oslo, Norway

F\u00f8rpremiere: Breakups & Other Love Stories samtale med Fr\u00f8ydis Fossli Moe
Wed, 08 Apr at 06:00 pm Førpremiere: Breakups & Other Love Stories samtale med Frøydis Fossli Moe

VEGA SCENE

PERFORMANCES ART
Foredrag: Oslofjord Triennale og Den djupere tida
Wed, 08 Apr at 06:00 pm Foredrag: Oslofjord Triennale og Den djupere tida

Kongleveien 2 , 1450 Nesoddtangen, Norway

ART
Det vanskelig er ofte det beste
Wed, 08 Apr at 07:00 pm Det vanskelig er ofte det beste

Bøgata 21, 0655 Oslo, Norway

Lederkonferansen 2026
Thu, 09 Apr at 09:00 am Lederkonferansen 2026

Scandic St Olavs Plass (St. Olavs plass 1, Oslo)

Forretningsjusdagen 2026
Thu, 09 Apr at 10:00 am Forretningsjusdagen 2026

BI Norwegian Business School

What's Happening Next in Oslo?

Discover Oslo Events