Utvandrarmusikal: SOGA OM SOL
Schedule
Sat Oct 11 2025 at 06:00 pm to 09:00 pm
UTC+02:00Location
Åsane Senter 52, 5116 Bergen, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Etter suksessen i 2023 med utvandrarmusikalen Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk, er det stor stas å delta i feiringa av utvandrarjubiléet, Crossings 200, med nettopp ein Vestlandsturné med Soga om Sol til Nordfjordeid, Stord, Os, Fana og Åsane. I år er det 200 år sidan den første organiserte Amerika-reisa gjekk frå Stavanger til New York i 1825 med skuta Restauration, og vi skal følgje Sol og eventyraren Emil si reise til New York og det nye livet som ventar.Opera Nordfjord gler seg til for første gong å turnere lenger sør i fylket og ser fram til å vise fram den vakre historia om Sol Siljegard, som saman med eventyraren Emil Spelemann reiser frå fattigdom og overgrep til fridom og ei ny framtid i det nye landet.
Sol har ei vakker songstemme, og ho finn seg straks til rette i den nyfunne teaterfamilien sin i den tvilsamme teaterdirektøren Danny Gold sitt Sideshow midt i New York, der det er stor takhøgd for dei som er annleis. Emil er sendt i krigen i Europa, og Sol ventar stadig på livsteikn frå han.
Restriksjoner
Soga om Sol er ein familieproduksjon som passar for alle aldrar frå og med skulealder og oppover.
Advertisement
Where is it happening?
Åsane Senter 52, 5116 Bergen, Norway, Åsane Senter 52, 5116 Ulset, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays: