UTSETT! Forteljarkveld: Bjørg Christophersen "Et kystmuseum - hvorfor og hvordan?"

Schedule

Wed, 09 Sep, 2026 at 07:00 pm

UTC+02:00
Location

Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norway | Bergen, HO

Advertisement
Foredraget til Bjørg Christophersen blir dessverre utsett, då begravelsen til H.M. Kong Harald fell på same dag.
Vi har valt å utsetje foredraget til seinare i haust/vinter, då vi ikkje kjenner det som rett å gjennomføre arrangementet denne dagen.
Ny dato blir kunngjord så snart den er fastsett. Alle som har kjøpt billett, vil få billettbeløpet refundert.
Vi beklagar ulempene dette medfører, og takkar for forståinga.

Eit jubileum for Kystmuseet er ikkje komplett utan besøk av vår tidlegare museumsleiar, Bjørg Christophersen.
Ho var med gjennom heile prosessen med å planleggje museet, følgje sjølve bygginga og ikkje minst fylle huset med innhald og aktivitetar.
I kveld kjem ho tilbake for å fortelje historia om korleis museet vart til. Kvifor ønskte kommunen eit museum for og om kystkultur? Kva val vart tekne då museet skulle etablerast, og kven var dei viktigaste samarbeidspartnarane på vegen frå idé til realitet?
Gjennom personlege minne, spanande tilbakeblikk og nokre gode anekdotar får vi eit unikt innblikk i dei første 30 åra av museet si historie.
Det blir òg høve for publikum til å dele eigne minne og historier. Kanskje har du ei god forteljing om museet eller eit minne frå dei siste 30 åra som du vil dele med oss?
Velkommen!
Billettpris: 50 kr
Arrangementet er ein del av Kulturverndagane 2026
Advertisement

Where is it happening?

Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norway, Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Kystmuseet i \u00d8ygarden
Host or PublisherKystmuseet i Øygarden

Ask AI if this event suits you