Ungdomssamling på Storefjelltreffen
Schedule
Fri, 01 May, 2026 at 11:00 am to Sun, 03 May, 2026 at 11:00 am
UTC+02:00Location
Storefjell Resort Hotel | Lillehammer, OP
Advertisement
Ungdomssamling på Storefjelltreffen 1. – 3. mai(for dei som er født i 2011 eller før)
FolkemusikkUng og Storefjelltreffen inviterer til ungdomssamling under Storefjelltreffen. Det blir ei sosial helg med mykje god mat, tevling i gamaldansmusikk, buskspel, dans, bading og mykje moro.
Sidan det er fridag på fredag 1. mai samlast me alle fredag klokka 11.00 og avsluttar sundag klokka 11.00. (De og kan koma torsdag om de vil det)
Det blir mest kurs for oss på fredagen, og på laurdagen kan de bli med på andre kurs i toradar, polskurs osb saman med dei andre på treffen. Meir detaljert program kjem så snart det er klart.
Helga blir ein blanding av ein sosial tur og dansekurs.
Sjå heile programmet for Storefjelltreffen elles her: https://www.storefjelltreffen.no/
Overnatting foregår på sovesal der Kjersti Løvold har er med som nattevakt. De kan velgje om de vil møte opp fredag 11.00 eller koma allereie torsdag kveld og bu på sovesal. Det er tilgang til eit lite "badeland" på hotellet med basseng og garderobar. Ta med symjetøy, handkle, madrasse/liggeunderlag og sovepose.
Alle betalar 1000 kroner for heile helga. Dette inkluderar overnatting, kurs og alle måltid kvar dag frå ein bugnande buffet i ein fantastisk restaurant. Eit fantastisk tilbud til ungdom frå Storefjelltreffen. Ta gjerne kontakt med lokallaget ditt for støtte til å reise.
Du må vera født i 2011 eller før for å kunne delta på dette. Om du er yngre enn dette kan du ta kontakt for å delta på deler av opplegget om du har med deg foreldre på treffen.
Det blir kurs i dans med Stian Roland, hardingfele med Jan Beitohaugen Granli og kurs i torader (instruktør kjem)
Storefjell ligg på Golsfjellet mellom Valdres og Halling.
Ta kontakt med Stian for påmelding eller spørsmål.
Påmelding:
Send ein e-post til [email protected]
Påmeldinga skal innehalde:
- Fullt namn
- Fødselsår
- Telefonnummer (både til deltakar og foresatt)
- E-post
- Sjå mindre
Advertisement
Where is it happening?
Storefjell Resort Hotel, Storefjell Spa, Einarsetvegen, 3550 Gol, Norge, Lillehammer, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















