Torsdagskonsert i Pøbben - KVARTS
Schedule
Thu Apr 23 2026 at 08:00 pm to 10:15 pm
UTC+02:00Location
Sartor Bowling | Bergen, HO
Advertisement
Torsdagskonserten i Pøbben skal være en møteplass ca. en torsdag i måneden. En intim scene, hyggelig atmosfære og god musikk!Det er med stor glede og stolthet vi kan presentere KVARTS, som er ei av folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan 1998 har kvartetten sett tydelege spor etter seg i norsk musikkliv, med Folkealarmpris og to Spelemannspriser.
Repertoaret til Kvarts er i hovudsak bygd på norsk tradisjonsmusikk, men hentar også inspirasjon frå andre musikksjangrar. Kombinasjonen av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale har blitt eit varemerke for kvartetten.
Kvarts har gjeve ut og medverka på ei rekkje cd-produksjonar, i tillegg til å ha gjeve ut fleire singlar dei siste åra. Den så langt siste cd-produksjonen; Til dans, kom ut i 2023, der Kvarts har valt å spele inn noko av runddansrepertoaret kvartetten har hatt på programmet i 25 år.
Gruppa har også heilt sidan starten hatt eit ynskje om å utvikle nye konsert-og formidlingsprosjekt. Det kunstnariske arbeidet har resultert i mange musikalske samarbeidsprosjekt, mellom andre med Kringkastingsorkestret, Kristiansand symfoniorkester, Trondheimsolistene, Jonas Fjeld og Eldbjørg og Ragnhild Hemsing.
Kvarts har skrive musikk til ei rekkje tingingsverk, mellom anna for Vossa Jazz, olkemusikkveka og Rikskonsertene, og har opp gjennom åra medverka i ei lang rekkje radioog TV- program. Kvarts har turnert i inn- og utland, mellom anna i USA, Spania og Tyskland
Kvart består av:
Jo Asgeir Lie (trekkspel)
Øystein Rudi (fele, hardingfele)
Tom Willy Rustad (kontrabass, toradar, seljefløyte, munnharpe og gitar)
Erlend Styve (vokal, gitar)
Advertisement
Where is it happening?
Sartor Bowling, Sartorvegen 12, 5353 Straume, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















