Tone Damli 20 årsjubileum // Sogndal Kulturhus
Schedule
Fri, 24 Apr, 2026 at 08:30 pm
UTC+02:00Location
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | Førde, SF
Advertisement
Billettslepp torsdag 18. desember kl. 12.I 2025 markerer Tone Damli 20 år som ein av dei mest synlege og folkekjære artistane i Noreg. Sidan gjennombrotet i Idol i 2005 har ho vore ein fast del av norsk populærkultur – med seks album, utallege singlar, TV-opptredenar, turnear, kjærleiksbrot, to born, og husbygging som har fått større mediemerksemd enn dei fleste politikarar kunne ha drøymt om. Og ikkje minst: ei etterlengta forloving.
I dette showet tek Tone Damli oss med på innsida av eit liv delt mellom rampelys, musikkstudio og småbarnsliv. Gjennom to tiår har Tone navigert mellom både hyllest og hard kritikk, reality og raude løparar, MGP i både Noreg og Sverige – og nyleg Maskorama og podkasten «Råning med Tone». Ho har aldri vunne ein songkonkurranse, sjeldan fått ei god melding – men ho har vunne noko langt viktigare: publikum sine hjarte. Det er nettopp denne reisa jubileet feirar – frå Idol-audition til ein etablert plass i norsk underhaldning.
Tone sjølv skildrar det slik:
«Eg drøymde om å bli Noregs Shania Twain. No siktar eg meir mot Wenche Myhre.»
Jubileumsturneen tek publikum med gjennom høgdepunkt, sårbarheit, humor og historier som aldri før har blitt fortalde frå scena. Det blir musikalske tilbakeblikk og nye tolkingar av låtar frå heile katalogen – frå «Bliss» og «Butterflies» til «I Know».
For dette jubileet handlar ikkje om terningkast eller tabloidoppslag – men om jenta som alltid har drøymt om å bli ei syngjedame, og som no kan feire 20 år på scena.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 24. april kl. 20:30.
Varigheit: cirka 75 minuttar.
Billettpris:
Ordinær: kr 715,-
Ledsagarbevis/følgjekort: kr 0,- (NB! Følgjekort skal visast i døra).
Advertisement
Where is it happening?
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.





