Til ære for Eiliv Odde Hauge

Schedule

Thu, 11 Jun, 2026 at 07:00 pm

UTC+02:00
Location

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norway | Lillehammer, OP

Advertisement
Eiliv Odde Hauge (1913–1971) var forfattar og dramaturg - og museumsbestyrar ved Valdres Folkemuseum frå 1959 til 1964. Med sitt store nettverk og sterke engasjement gav han turistverksemda ved museet eit imponerande løft i si tid som leiar. Samstundes var han i enkelte kretsar ein omstridd person. Kven var han eigentleg, kva fekk han utretta – og korleis vart han møtt av lokalsamfunnet? I samband med Valdres Folkemuseum sitt 125-årsjubileum inviterer vi til ein kveld tileigna Hauge og arbeidet hans i Valdres.
Lokalhistorikar Harald Hvattum vil fortelje om Eiliv Odde Hauge, livsverket hans og tida han verka i. Tidlegare museumsvertinne Inger Noraker Raagholt deler sine eigne minne og erfaringar frå museet tidleg på 1960-talet.
Vi viser også filmen om Valdres-kunstnarar som Hauge fekk laga i samarbeid med Postsparebanken (Norges Postmuseum).
Vi gler oss! Velkomen!
TID: Torsdag 11. juni 2026 kl. 19.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum.
PRIS: Kr 140 (kr 60 for dei under 26 år)
ARR: Valdresmusea
Foto: Eiliv Odde Hauge og Inger Berit Noraker, 1959.
Dagbladet / Norsk Folkemuseum/NF.34367-001
Advertisement

Where is it happening?

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norway, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norge, Lillehammer, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Valdresmusea
Host or PublisherValdresmusea

Ask AI if this event suits you