Swingkurs - Dag-/helgekurs i Lindy Hop - Voss 24.-25. august!
Schedule
Sat, 24 Aug, 2024 at 11:00 am
Location
Vossabygg 19, 5700 Voss, Norge | Voss, HO
Advertisement
Helga 24.-25. august blir det kurs i swingdansen Lindy Hop på Voss! Lær deg å danse ein av dei eldste og mest leikne swingstilartane, til ekte swingjazz!Kursa foregår over to dagar, men du kan delta på kun èin av dagane også, dersom du ynskjer det. Det er ingen krav til forkunnskaper, alder eller følge/partner, og det blir lagt opp til rullering av partnerar slik at alle dansar med alle.
Lurer du på korleis Lindy Hop ser ut?
Sjekk ut denne videoen som viser korleis det ser ut når det vert dansesirkel på Lindy Hop-festival i Oslo:
Lindy Hop blir ofte kalla «alle swingdansars mor» ettersom både Boogie Woogie, Jive, West Coast Swing og fleire andre swingformer stammar frå Lindy Hop. Den vert som oftast dansa til swingjazz frå 1920-, -30 og -40-talet, men den kan dansast til det aller meste av musikk, i både lågt og høgt tempo, så lenge det svingar! Lindy Hop er ein internasjonal dans, så har du først lært deg litt grunnleggande kan du dansa deg gjennom heile verda!
Det vert lagt opp til to kurs:
Nybegynnar - passar for dei som ikkje har dansa før, eller for dei som har noko kjennskap men ynskjer å trena meir på det grunnleggande. Kurset startar med introduksjon av dei heilt grunnleggande med mykje fokus på føring- og følgingsteknikk, før me jobbar oss vidare gjennom fleire turar og steg.
Litt øvet - Passar for dei som kjenner godt til det grunnleggande i Lindy Hop, slik som tuck turn, circle, 6-count og 8-count, kick-steps/charleston, og som kjenner til meir avanserte figurar slik som swingout, sugar-push og tandem.
? Timeplan:
Laurdag - nybegynnarkurs:
⏱Time 1: 11:00-12:45
⏱Time 2: 13:50-15:45
Laurdag - litt øvet:
⏱Time 1: 10:45 - 12:30
⏱Time 2: 13:10 - 14:45
På kvelden vert det Vintage Swingkveld i gamlekinoen med open bar og livemusikk der du kan få testa ut det du har lært på dansegolvet! Alle som går på kurs har inngang inkludert!
Søndag - Nybegynnarkurs:
⏱Time 1: 12:00-13:45
⏱Time 2:
14:15-16:00
Søndag - Litt øvet:
⏱Time 1: 12:00-13:45
⏱Time 2:
14:15-16:00
Kursa vil føregå i MOVA Voss sine lokaler i Vossabygg 19! Merk at det er to ulike MOVA-senter på Voss.
Påmeldingsskjema finn du på: https://www.letsreg.com/no/event/swingkursvoss
Om instruktørane:
Kjersti Berg
Kjersti begynte å dansa Lindy Hop i 2016 og har ikkje sett seg tilbake etter ho fann denne uhøgtidelege og morosame dansestilen. Ho har erfaring fra solodans som jazzballett og hip hop, og synes Lindy hop er ein perfekt kombinasjon mellom individualitet og samspel. For Kjersti står musikken i sentrum, og ho elskar å kunne uttrykke følelsen frå jazzmusikk saman med ein dansepartnar. Ho har instruert kurs i Trondheim i fleire år og gleder seg til å læra bort Lindy Hop på Voss!
Magne Tveit Bolstad
Magne har dansa seg gjennom livet, og har vore innom folkedans, folkeswing, hip hop, breakdance, salsa og ei rekke andre dansar, både som dansar og instruktør. Sidan 2017 har han vore fullstendig hekta på Lindy Hop, og han har vore instruktør på kurs i dette i fleire år i Trondheim. Magne likar å utforske nye steg og turar og å nerde på tekniske detaljar, og blir fascinert av samspelet i pardans. Magne har budd på Voss under eit år, og etter ynskje både frå seg sjølv og andre vil han vise litt av den fantastiske Lindy Hop-verda til bygda.
Ingrid Bergo Aarvik
Ingrid begynte å danse som student i 2016. Hun ble raskt hektet og har siden 2018 instruert i forskjellige swing-stiler. Ingrid har også danset akrobatisk rock’n’roll i Trondheim, opptrådd på diverse show og deltatt på NM. De siste årene har Ingrid blitt spesielt glad i Lindy Hop, og deltatt på mange dansefestivaler. Hun setter stor pris på spennet av variasjon i dansen, lekenheten og samspillet man skaper sammen med partner på dansegulvet. For tiden er Ingrid instruktør og leder for BSI Dans i Bergen. På kurs er Ingrid er spesielt opptatt av mestring og danseglede hos deltakerne.
Halvard Måge
Halvard ble hekta etter sitt første swingkurs i 1987. Swingdansen har vært en sammenhengende lidenskap fra første rytme og er minst like sterk i dag. Han har dansa seg gjennom livet og har vært så heldig å ha dansen som hobby, idrett og levebrød i mange år. Halvard har representert Norge i Nordisk, EM og VM ved flere anledninger i Boogie Woogie. Han har undervist i alle swingstiler, salsa og stepping, og hatt show i både inn- og utland. Etter noen år pause fra rampelyset har han det siste året reist på ulike dansefestivaler og koser seg med DJ`ing, sosialdansing og undervisning i Lindy Hop og andre swingstiler.
Jonas Lerøen Rønhovde
Jonas starta å danse i 2011. Han dansar både boogie woogie, solo jazz og lindy hop, i tillegg til at han er dj ved ei rekke dansearrangement. Jonas elskar musikken, farten og energien i lindy hop og han elskar å formidle dette til sine elevar. Han meiner også det er svært viktig med grunnleggende ferdigheiter og teknikk i dansen, samt musikalitet og god connection på dansegolvet.
Agnethe Grimeland Hovlandsdal
<info kjem="">
Monica Ringdal
Monica er av dei mest erfarne og flinkaste lindydansarane i Bergen. Ho vart forelska i dansen og musikken då ho studerte på NTNU, og brakte den med seg då ho flytta til ein betre by. Ho er fascinert av alt innan føring og følgjing, og spanande rytmer. Det er viktig for Monica at alle føler seg heime og velkomne på kurs.
Info om påmelding vil bli publisert!
Ta med:
- Komfortable klede å dansa i
- Sko med glatt såle
- Drikkeflaske
</info>
Advertisement
Where is it happening?
Vossabygg 19, 5700 Voss, Norge, Vossabygg 19, 5700 Voss, Norge,Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays: