(få bill.) Stemmeklang

Schedule

Sat Oct 22 2022 at 04:00 pm to 05:00 pm

Location

Emanuel Vigeland Museum | Oslo, OS

Advertisement
Sidan 2009 har Stemmeklang hatt konsertar i Emanuel Vigelands Museum - eit mausoleum med ein heilt spesiell akustikk og atmosfære som berre må opplevast!
Som alltid på programmet står vokalstykker skrive spesielt for mausoleet av komponist Kristin Bolstad. Musikken nyttar rommet si unike klang fullt ut, og vekslar mellom å spela på lag med rommet og å utfordra det. Mausoleet i Emanuel Vigelands Museum er ei oppleving i seg sjølv med si dunkle framtoning, sterke og eksplisitte freskar, og ein helt spesiell akustikk.
Stemmeklang er eit stadspesifikt prosjekt for Emanuel Vigelands Museum i Oslo. Rommet sin etterklang på rundt 10-17 sekund står sentralt i måten verka er blitt utvikla, like eins som rommet sine eigenfrekvensar og overtonane frå desse som blir brukt aktivt i det musikalske materialet. Plassering av vokalistane og retninga på lyden har vore eitt av dei romlege verkemidla som blir brukt for å skapa ulike former for effektar av rørsle.
Utøvarar: Kristin Bolstad, Linnéa Sundfær Casserly, Karoline Dahl Gullberg, Julie Kleive og Gabrielle Sørensen.
Støtta av: Norsk Komponistforening.
Advertisement

Where is it happening?

Emanuel Vigeland Museum, Grimelundsveien 8,Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Stemmeklang

Host or Publisher Stemmeklang

It's more fun with friends. Share with friends