Solokonsert Bodil Rørtveit - Kulturboden, Alver

Schedule

Fri Sep 04 2026 at 07:00 pm to 08:00 pm

UTC+02:00
Location

Kulturboden | Bergen, HO

Advertisement
Bodil Rørtveit tek hausten 2026 ut på ein soloturné med det kritikarroste vokalprosjektet sitt - ei konsertoppleving som omsluttar og rører ved noko djupt menneskeleg. I forkant av konserten; kl 18:00, blir det moglegheit for ei djup avspenningsstund med Martine frå Yoga Nor (hugs i så fall å kjøpe billettkategorien som inkluderer dette).
Med stemma som einaste instrument skaper Rørtveit vakker og stemningsfull musikk utan ord, inspirert av hav, skog og vestlandsnatur. Gjennom live looping byggjer ho lag på lag med stemme, og formar eit heilt vokalorkester i sanntid. Resultatet er ei sjeldan konsertoppleving der publikum blir trekt inn i eit rom av nærleik, stillheit, og intenst nærvær.
Våren 2025 debuterte Rørtveit som soloartist med albumet DJUPNA, eit kontemplativt og uttrykksfullt album. Albumet vart møtt med strålande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt, og blei utropt til eit av dei beste albuma i 2025 av anmelder Maja Skanding i Bergens Tidende. DJUPNA er ei søken etter ro, tilhøyrsle og det mest autentiske i mennesket – eit stille, men kraftfullt kunstnarleg statement.
No tek ho dette universet ut på scena. Med ei unik formidlingsevne og eit uttrykk som balanserer det sårbare og det storslåtte, inviterer Bodil Rørtveit publikum inn i ei oppleving som må kjennast – ikkje berre høyrast.
For første gong blir det moglegheit for ei yoga/avspenningsstund i forkant konserten. I så fall velger du billett-typen som heiter "konsert+yoga" (begrensa antall billettar). Martine frå Yoga Nor inviterar deg til ei roleg yogastund, der målet er å skape rom og nærvær– både i kropp og i sinn. Du treng ingen tidlegare erfaring med yoga – berre eit ønske om å møte musikken med ein open, avslappa og tilstedeværande kropp. Når kroppen får sleppe spenningar og nervesystemet fell til ro, kan vi ofte oppleve lyd, musikk og stemningar på ein djupare og meir sanseleg måte. Vi byrjar med Yoga Nidra, ei guidet avspenning som gir kroppen moglegheit til å kvile djupt. Deretter fortset vi med enkle, mjuke og tilgjengelege rørsler som opnar kroppen og inviterar til friare pust og flyt.
Ta med egen yogamatte og gjerne et pledd.
Yogatimen startar kl 18 og varer ca 45 minutt. Dørene for andre publikummere opnar 18:45. Konsertstart 19:00. Varighet ca 60 min.
Konserten er støtta av Bergen Kommune, Vestland Fylkeskommune og FFUK.

Foto: Øystein Haara
Advertisement

Where is it happening?

Kulturboden, Flatøyvegen 20, 5918 Frekhaug, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Bodil R\u00f8rtveit
Host or PublisherBodil Rørtveit

Ask AI if this event suits you