Snikkikk med Bjørn Hatterud

Schedule

Thu, 30 Jul, 2026 at 06:00 pm

UTC+02:00
Location

Litteraturhuset | Oslo, OS

Advertisement
I serien «Snikkikk» inviterer Litteraturhuset forfattarar til å lese høgt frå bøkene dei skal gje ut til hausten.
«Du ska skrive om meg. Og du ska skrive om æilt. Om æill driten å!»
Bjørn Hatterud si komande bok, "Far levde, og så var han død. Om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu", er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann.
Landbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden.
Kven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. Han tilpassa seg, bytte ut den tunge bensindrivne grasklipparen med ein robotklippar. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta.
Bjørn Hatterud er forfattar, kunstkritikar, kurator og musikar, og i sit i Kulturrådet. Han har tidelegare gitt ut tre bøker, der særleg Mjøsa rundt med mor har fått breitt gjennomslag hjå lesarar, i tillegg til å bli tildelt Kritikarprisen. Hatterud har også mottatt Fritt Ords pris.
Advertisement

Where is it happening?

Litteraturhuset, Wergelandsveien 29, 0167 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Litteraturhuset
Host or PublisherLitteraturhuset

Ask AI if this event suits you