Snikkarglede for damer
Schedule
Fri, 27 Feb, 2026 at 09:00 am to Sun, 01 Mar, 2026 at 04:00 pm
UTC+01:00Location
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norway | Lillehammer, OP
Advertisement
Me veit at både damer og herrer er glade i å snikre, men kanskje er damene meir tilbakehaldne når det kjem til det å ha trua på eigne ferdigheiter? Dette er ivertfall eit inntrykk me ved Valdresmusea har, etter å ha hatt kurs i tradisjonelle handverkarfag i meir enn eit tiår, og der me ser at langt dei fleste som er med ikkje er damer. Me ynskjer å nå ut til alle, og om det er slik at nokon ikkje blir med på kursa våre fordi dei ikkje har nok tru på at det dei kan er bra nok for å melda seg på, vil me gjerne vera med å bidra i motsett retning. Derfor vil me no arrangera kurs i grunnleggande snikkartekinkkar som rettar seg mot damer. Om kunnskapen blir høgare på det grunnleggande, har me tru på at terskelen blir lågare når det kjem til tradisjonshandverk. Biletet er frå tilsvarande kurs i 2025.Mat, materialar og verktøy er inkludert i prisen. Om du har verktøy du ynskjer å ta med så gjer gjerne det!
Målgruppe: Damer i alle aldrar
For meir info og påmelding: https://valdresmusea.no/snikkarglede-for-damer
Advertisement
Where is it happening?
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norway, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes, Norge, Lillehammer, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.









