Sigrid Moldestad // Arna kyrkje
Schedule
Sun May 04 2025 at 05:30 pm to 07:00 pm
UTC+02:00Location
Arna Kyrkje | Bergen, HO
Advertisement
Sigrid Moldestad med musikarar Sigbjørn Apeland og Roald Kaldestad kjem til Arna kyrkje, 4. mai 2025!Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise-og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar. Ho vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv.
Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist. 5 plater har vore i eige namn. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sovebort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Sigrud held mykje konsertar med både band og mindre besetningar. Ho har motteke 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar.
Dato: søndag 4. mai 2025
Tid: kl. 17.30 og kl. 20.00
Sted: Arna kyrkje
Pris: kr. 400, Vipps til Arna Rotaryklubb: 511132.
Betalinger merkes med «konsert».
For spørsmål, ta kontakt med Odd Fosse på tlf. 913 48 008 eller epost [email protected]
Arrangør: Arna Rotaryklubb, Folkeakademiet Arna, Arna Mållag og Edru Livsstil Arna/Bergen
Advertisement
Where is it happening?
Arna Kyrkje, Lakslia 19,Bergen, Hordaland, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
