SIDE BROK ‘Høge brelle’: Albumlytt m/Sjef R, Skatebård og Dr. Kjell
Schedule
Thu Mar 26 2026 at 07:00 pm to 09:00 pm
UTC+01:00Location
Deichman Bjørvika | Oslo, OS
Advertisement
Velkommen til lytteklubben Classic Album Sundays der vi dykkar ned i makta i Side Broks debutskive «Høge brelle».BILLETTER
Arrangementet er gratis, men vil du vera sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar blir gitt vidare ved arrangementsstart.
Billettane blir tilgjengelege éi veke før arrangementet, torsdag 19. mars kl. 08:00: https://deichman.hoopla.no/event/1235310739
Får du ikke brukt billettene dine ber vi deg om å gi oss beskjed på [email protected].
OM SAMTALEN
Makta til å kunne definere seg sjølv, og retten til å vere ein akseptert outsider, er sentrale problemstillingar i Side Brok sine tekstar.
Kan du vere intellektuell på bygda? Kan ein røyke hasj og droppe syre når alle andre berre drikk sprit? Kan råning vere eit verdfullt og vakkert nasjonalromantisk kulturuttrykk?
Høge Brelle vart eit slags kroneksempel på omstridd ektheit i 2004. Plata kom ikkje frå det tunge, relativt lukka Oslo-miljøet. Side Brok kom frå bygda, og var godt vaksne.
Det var publikum og NRK Urørt som dytta dei fram til mainstreamen – Høge brelle låg åtte veker på VG-lista – og det var ikkje uproblematisk for det hiphopkonservative miljøet.
På mange måtar braut Høge Brelle med alt som var «reglane» for norsk hiphop. Men går ein det etter i saumane så er det gjennomsyra av hiphopkulturelle tropar, praksisar og etos. Og kanskje nettopp derfor er det _meir_ hiphop enn det meste anna frå same tida.
Vi dempar lyset, skrur opp volumet på eit fantastisk lydanlegg og høyrer heile albumet frå byrjing til slutt. Etter lytten vert publikum invitert med i samtalen.
PROGRAM
17.00: Vi viser Runar Gudnasons dokumentarfilm «Eg har ord» der han legg ut på ei personleg og musikalsk reise i tid og ord. Gudnason gir ein kort intro før filmen.
18.00: Baren i kjelleren opnar. Vi varmar opp med Side Brok på anlegget!
18.35: Dørene til Deichmansalen opnar
19.00: Prat med Runar Gudnason (Sjef R og Thorstein Hyl III), Bård Aasen Lødemel (Skatebård), Kjell Andreas Oddekalv (Dr. Kjell) og Kent Horne
19.55: Albumlytt (speletid 53:00)
20.45: Prat med publikum
DU MØTER
- Runar Gudnason er norsk rappar, kjent som Sjef R og Thorstein Hyl III i Side Brok.
- Bård Aasen Lødemel er DJ og produsent, og kjent som Skatebård i Side Brok.
- Kjell Andreas Oddekalv er rap-forskar ved Universitetet i Oslo. I hiphopgruppa Sinsenfist er han kjent som Dr. Kjell. Oddekalv har skrive bok om «Høge brelle».
- Kent Horne er lytteklubbens faste vert, dj og arkitekt.
/////////////////////////////////////
Frå 11. til 26. mars inviterer Universitetet i Oslo til festival om makt. Bli med på samtalar, føredrag, filmvisningar og mykje meir – på Deichmans bibliotek og ved fleire andre kulturinstitusjonar.
Alle arrangementa er gratis!
Sjå program her: https://www.hf.uio.no/om/aktuelt/arrangementer/makt.html
Advertisement
Where is it happening?
Deichman Bjørvika, Dronning Eufemias gate 1, 0191 Oslo, Norge, Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















