Sandeseminaret 2025: Krafta i å fortelje, lytte og lese

Schedule

Thu, 03 Apr, 2025 at 12:00 pm to Fri, 04 Apr, 2025 at 01:00 pm

UTC+02:00

Location

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway | Førde, SF

Advertisement
Jakob Sande - senter for forteljekunst forvaltar og forskar i arven etter Jakob Sande, i nynorsk språk og kultur, og byggjer eit nasjonalt fagmiljø innom munnleg og skriftleg forteljekunst.
Torsdag 3. og fredag 4. april inviterer vi til Sandeseminaret, som i år handlar om krafta i å fortelje, lytte og lese.
På programmet står mellom anna:
- Trine Skei Grande frå Forleggerforeningen om korleis skape lesekultur som fremjar demokratiet.
- Sivert Nesbø frå Skrivekunstakademiet om det berre litteraturen kan gjere.
- Guro Kristin Gjøsdal frå Nynorsksenteret om samlesing (shared reading) som metode for å utforske lesing i skulen.
- Bokråd med Tekstallianse.
- Vandringar og kunstnariske innslag.
- Rundebordsamtale om lesing, lytting og forteljing.

Instituttleiar ved Goethe-Institut i Nederland Martin Bach har sagt: "I ei tid prega av "deep fake" og manipulasjon, er personlege møte og vitnesbyrda til ein person som er tilstades av veksande betydning. Det handlar ikkje berre om å fortelje historier. Å faktisk lytte er kanskje endå viktigare. Jakob Sande - senter for forteljekunst er eit unikt rom der det lokale vert vevd saman med verda og forteljinga med mennesket."
Som eit nasjonalt senter for forteljekunst, vil vi bidra til å styrke forteljekunst, lesing og lytting.
Til Sandeseminaret kjem fagpersonar og forteljekunstnarar frå nærskylde miljø for å saman utforske krafta i forteljekunsten. Seminaret er både ein idedugnad og ei fagleg utvikling for dei som deltek. Det skal òg bidra til å bygge og styrke nettverk innan munnleg og skriftleg forteljekunst.
Ynskjer du å delta, kan du melde deg på ved å sende ein e-post til [email protected].

Seminaret er gratis, og deltakarar må sjølv dekkje måltida. Strandakokken står for mat, med lunsj og middag torsdag og lunsj fredag.

Endeleg program kjem.

Foto av Trine Skei Grande: Malin Westermann
Foto av Sivert Nesbø: Eirik Brekke.
Advertisement

Where is it happening?

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway, Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge,Fjaler, Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Jakob Sande-senter for forteljekunst

Host or Publisher Jakob Sande-senter for forteljekunst

It's more fun with friends. Share with friends

Discover More Events in Førde

Medlemsm\u00f8te Palestinakomiteen i Sogn
Wed, 02 Apr, 2025 at 06:00 pm Medlemsmøte Palestinakomiteen i Sogn

Kommunehuset i Sogndal

Quiz!
Wed, 02 Apr, 2025 at 07:00 pm Quiz!

Vesle Kinn

\u00c5rsm\u00f8te LO i Sogn - Luster, Sogndal og Vik
Wed, 02 Apr, 2025 at 07:00 pm Årsmøte LO i Sogn - Luster, Sogndal og Vik

Quality Hotel Sogndal

Asics x Intersport Sogndal
Thu, 03 Apr, 2025 at 05:00 pm Asics x Intersport Sogndal

Hovevegen 10, 6856 Sogndalsfjøra, Norway

Kunsttorsdag: Kreativ kveld med keramikkm\u00e5ling
Thu, 03 Apr, 2025 at 06:00 pm Kunsttorsdag: Kreativ kveld med keramikkmåling

Storehagen 1 A, 6800 Førde, Norway

Tilde 30 - med gjester
Thu, 03 Apr, 2025 at 06:00 pm Tilde 30 - med gjester

Husabula Kulturscene

CONCERTS
Damenes Aften - nyopning Rituals
Thu, 03 Apr, 2025 at 06:00 pm Damenes Aften - nyopning Rituals

Naustdalsvegen 1A, 6800 Førde, Norway

FESTIVALS
Medlems- og kulturkveld
Thu, 03 Apr, 2025 at 06:30 pm Medlems- og kulturkveld

Eides hotel, Storgata 21, 6993 Høyanger

Ingvard Wilhelmsen - Sjef i eget liv\/\/ F\u00f8rdehuset
Thu, 03 Apr, 2025 at 07:00 pm Ingvard Wilhelmsen - Sjef i eget liv// Førdehuset

Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway

What's Happening Next in Førde?

Discover Førde Events