Samling for unge vaksne i Mållaget
Schedule
Sat Sep 21 2024 at 12:30 pm to Sun Sep 22 2024 at 02:00 pm
Location
Dronningens gate 22, 0154 Oslo, Norway | Oslo, OS
Advertisement
Vi inviterer på ny til den populære samlinga for unge vaksne medlemer frå 25 år til 40 år. Seminaret er i Dronningens gate 22 i Oslo laurdag 21. september og sundag 22. september 2024. Deltakaravgift: 1000 kroner. Den summen dekkjer du eller laget ditt. (Noregs Mållag dekkjer overnatting, reise over 300 kroner og mat).
Påmeldingsfrist er 12. september. Påmelding til [email protected] Det er avgrensa tal plassar på seminaret.
OBS! Det er særs viktig å tinge fly-, tog,- eller bussbillettar så tidleg som råd.
Dette blir kjekt! Meld deg på!
Program:
11.30 Lunsj
12.30 Velkomen!
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag. Presentasjonsrunde.
12.45 Kva er utfordringane for nynorsk språk i språkmodellar og kunstig intelligens?
ved Kristine Eide, seniorrådgjevar i Språkrådet
Kva utfordringar ser Mållaget? Førebudd kommentar ved Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
Ordskifte.
13.45 Pause
14.00 Korleis få meir nynorsk i fagrørsla? Korleis kan Mållaget styrkje seg i fagrørsla?
ved Tommy Tverdal, leiar i Mållaget i LO-adminstrasjonen
14.40 Verving, verving, verving til 16 000!
ved Live Bjørnstad Havro, nestleiar i Noregs Mållag
15.45 Språk i valkampar med eit særleg blikk på Røldal i 1910
ved Jens Kihl, kulturredaktør i BT
16.45 Om å vere ung og fersk i Mållaget
18:00 Spynorsk. The musical.
21:00 Middag på Skrivarstova
Sundag 21. september
10.00 Om å lese tekstar på nynorsk som sidemål
ved Elise Takle, universitetslektor ved Oslo Met
10.50 Er det ein auka aksept for bruk av nynorsk og dialekt i media?
ved Tonje Thorstad Kildal, kommunikasjonsrådgjevar hjå Mållaget
11.30 Pause
11.45 Den nye opplæringslova – eit framhald av språkleg nøytralitetspolitikk? Språklova heimlar differensierte tiltak for å styrkje nynorsken, men har det praktisk innverknad på utviklinga av ny språkpolitikk? Og korleis bør målrørsla arbeide strategisk med å oppnå dei språkpolitiske målsetnadane i språklova?
ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret og har nyleg skrive masteroppgåve om den nye opplæringslova
Ordskifte
13.00 Evaluering. Takk for no og lønsj! Slutt om lag 14.
Advertisement
Where is it happening?
Dronningens gate 22, 0154 Oslo, Norway, Dronningens gate 22, 0154 Oslo, Norge,Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays: