Rosa sløyfe-løpet Fosnavåg 2026

Schedule

Sat, 26 Sep, 2026 at 11:30 am

UTC+02:00
Location

Fosnavåg by | Aalesund, MR

Advertisement
🎀🎀🎀 26. september 2026 – Vi skal farge Fosnavåg ROSA igjen! Er du klar? 🎀🎀🎀

🎀🎀🎀
PÅMELDINGSINFO
All påmelding skjer i år via denne: https://www.rosasloyfelopet.no/ildsjel/rosa-sloyfe-lopet-fosnavag-2026/

Du nyttar denne, også dersom du melder deg på same dag (sjå info om det lenger nede).

PRISAR:
Vaksne, 18 år og oppover: 400 kr
Born/ungdom, 9-18 år: 300 kr
Born, under 9 år: Gratis

PÅMELDINGSFRIST:
For å vere sikra Rosa Sløyfe-produkta til løpsdagen må du melde deg på innan 🩷11. september 🩷
➡️ Du kan melde deg på etter denne datoen, men vil då få dine produkt sendt heim til di eiga postkasse. Om du rekk å få dei til løpsdagen er avhengig av kva dato du melder deg på.
➡️ Du kan melde deg på når du møter opp på dagen, men vil då få ettersendt medalje til di postkasse.

🎀🎀🎀
INFORMASJON OM ROSA SLØYFE-PAKKEN
All påmelding går i år via Rosa Sløyfe sentralt. Når du melder deg på via Fosnavåg-lenka vil Rosa Sløyfe ca. to veker før løpsdatoen, sende alle produkta til arrangør. Er di påmelding innan denne fristen vil du få utdelt dine produkt ved registrering. Du kan melde deg på etter fristen, men vil då få produkt tilsendt di eiga postkasse. Om du rekk å få det før løpsdagen, kjem an på kva dato du melde deg på.
Born under 9 år (gratis) får mini-rosa sløyfe pakke.

🎀🎀🎀
PROGRAM
Kjem i august/september.

🎀🎀🎀
LOTTERI OG SAL AV ROSA SLØYFE-PRODUKT
Dei dyktige damene i Brystkreftforeninga sel lodd med flotte premiar, vafler, kaffi og årets ROSA SLØYFE! Det vil altså vere kjekt å ta turen til Fosnavåg denne dagen, også for deg som ikkje skal delta i sjølve løpet.

🎀🎀🎀
LØYPENE
Du kan velge mellom 3 km eller 6 km. Løypekart finn du i arrangementet her på facebook. Dei vil på løpsdagen vere merka med rosa sløyfer og rosa ballongar, plakatar og rosa merking i vegen.
Du kan også opprette di eiga løype med valfri distanse.

🎀🎀🎀
TIDTAKING
I Rosa Sløyfe-løpet blir det ikkje teke offentleg tid, eller kåra pallplasseringar. Vi ber derfor om at dersom du ønsker tidtaking utfører du dette på eiga hand.
I Rosa Sløyfe-løpet er hovudfokuset å delta, vere sosial og auke bevegelsesgleda - for ei viktig sak!

🩷 Vi gler oss 🩷
Dersom det skulle være noko spørsmål kan du kontakte arrangør:
- Kristin Raanes tlf. 400 74 399
- Henriette R. Hansen tlf. 938 25 654
Advertisement

Where is it happening?

Fosnavåg by, Buholmvegen 5, 6091 Fosnavåg, Norge, Aalesund, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
PT - Henriette Hansen
Host or PublisherPT - Henriette Hansen

Ask AI if this event suits you