Randotur over Raundalsryggen
Schedule
Sat May 07 2022 at 07:45 am to 06:00 pm
Location
Raundalen | Voss, HO

Advertisement
Raundalsryggen er namnet på den vakre fjellrekka på sørsida av Raundalselvi mellom Voss og Mjølfjell. Snødekte, imponerande fjelltoppar ligg på rekke og rad, høgt over den ville naturen i Raundalen. Her finn vi Olsskavlen (1576), Voss sitt høgaste fjell. Turen over Raundalsryggen er ein av dei flottaste langturane på ski i Vossafjella. Turen byr på mange bakkar, nærkontakt med mektig fjellnatur og ei spektakulær utsikt. Når det klaffar med snøforholda gir nedkøyringa frå Olsskavlen ei herleg avslutning på turen.
Turen passar for deg som:
- Har solid turerfaring.
- Er stødig på ski i brattare terreng.
- Er i solid fysisk form.
- Samlar på mektige turopplevingar.
Typisk turplan:
Vi møtast kl 7.45 ved parkeringsplassen nær Skiple i Raundalen. Der går vi gjennom plan for dagen, sikkerheitsbrief og sjekkar at alt utstyr er på plass. Vi køyrer ein bil opp til Voll, der turen avsluttast om ettermiddagen.
Turen startar i lettgått terreng langs ubrøyta skogsveg. Etter kvart siktar vi oss inn mot Horndalsnuten. Opp dit bruker vi om lag 4 timar. Turen vidare følger Raundalsryggen i varierande terreng, men aldri særleg vanskeleg eller utsett. Opp mot Skipadalsnuten festar vi skia på sekken, ellers har vi skia på beina heile tida.
Etter om lag 9 timar nærmar vi oss toppen av Olsskavlen. Vi fjernar fellene frå skia for siste gong og førebur oss på den flotte nedkøyringa til Voll.
Forventa tidsbruk er 9-11 timar, avhengig av føret, vêret og gruppa.
For ei detaljert skildring av turen over Raundalsryggen, sjekk ut vår blogg.
Kva får du oppleve?
- Naturen i Raundalen på sitt beste! Frå den gamle furuskogen langs den blågrøne Raundalselvi til ville og alpine fjelltoppar. Stillheita i dalføret blir berre broten av fløytinga frå toga som passerer. Gled deg til nærkontakt med vakker høgfjellsnatur!
- Kontrastar! Nede i dalen har våren komen. Her er grøne bakkar og bjørker med grønt lauv, og sauer på beite. I fjellet herskar vinteren framleis. Her ligg snøen djup. Finst det noko betre enn lange vårskiturar i varm sol?
- Turen over Raundalsryggen gir deg ei fin samling med toppar, inkludert det høgaste fjellet på Voss. Vi startar med Horndalsnuten (1461) lengst mot vest. Deretter legg vi spora over Skipadalsnuten (1496), Seldalsnuten (1548) og Olsskavlen (1576).
- Dette er ein lang skitur med samla stigning på om lag 1800 høgdemeter. Det betyr at turen passar godt for deg som trivst når kroppen må jobbe i fleire timar. Her er motbakkar nok, men terrenget er ikkje særleg vanskeleg eller utsett.
- Lær om trygge turar i vinterfjellet av vår kompetente guide. Vi legg opp til opne gruppeprosessar som sikrar aktiv deltaking og læring for alle.
Pris og påmelding:
Denne turen kostar kr 1950 per person (minstepris kr 3900,-). Nedre aldersgrense er 16 år. Av omsyn til turoppleving og sikkerheit set vi maksimal gruppestorleik til 6 per guide. Grupper på 4 eller fleire får 25 % rabatt på prisen.
Prisen inkluderer alle guiden sine førebuingar, våre reisekostnader, alt naudsynt tryggleiksutstyr, leige av skredutstyr og kvalifisert guide på turen.
Naudsynt utstyr:
Toppturski med feller eller solide fjellski med stålkantar. Vind- og vasstett bukse og jakke med god hette, ullundertøy, ekstra ulltrøye, varm lue, hanskar/vottar, tjukk varmejakke. Alle går med skredutstyr (spade, søkestong og sendar/mottakar). Vi anbefalar å bruke hjelm. Hugs skibriller og/eller solbriller, solkrem, lunsjmat og drikke. Skredutstyr kan lånast av oss utan ekstra kostnad.
Spørsmål om føre, forhold eller anna?
Vi svarar deg gjerne om du vil ha tips til flotte skiturar eller råd om kvar du finn den beste snøen. Hos oss er gode råd gratis!
Kontakt gjerne Øystein på telefon 93484041 eller send ein e-post til [email protected] .
Advertisement
Where is it happening?
Raundalen, ,Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays: