Pubquiz med Samnanger Pride!

Schedule

Sat, 27 Jun, 2026 at 07:00 pm

UTC+02:00
Location

Bjørkheim Kro og Motell | Bergen, HO

Advertisement
For fjerde år på rad avsluttar me Samnanger Pride med ein pubquiz på Bjørkheim Kro & Motell! Etter paraden og dagens program held me fram feiringa med ein inkluderande og morosam quiz🌈⭐

🧠 Quizmaster: Nafeel Rasul Bagge
Nafeel Rasul Bagge er ein standupkomikar frå Bergen som kombinerer varme, sjølvironi og publikumsarbeid på ein måte som gjer at heile rommet kjenner seg med. Nafeel er ein lovande standupkomikar kjend frå mellom anna Lille Ole Bull og Humorlaboratoriet hos Stand Up Bergen. Han nådde finalen i «Standup Battle Royale» i 2024 og har hatt suksess med showet «Delt Sisteplass» på Ole Bull Scene. Humoren hans tek ofte utgangspunkt i identitetskrisa som halvt pakistanar frå Loddefjord, og korleis han navigerer livet ein stad mellom kulturkollisjon og total forvirring - til stor glede for publikum. No tek han turen til Samnanger for å leie oss gjennom kvelden og quizen!

📅 Praktisk info:
- 19:00: Dørene opnar. Innerste salen er open for dei som vil samlast og varme opp stemninga før quizen startar. Det er mogleg å kjøpe seg mat fram til kl 20:00.
- 20:00: Bjørkheim Kro & Motell stenger for ordinær drift, og me opnar resten av lokalet for pubquizen.
- 01:00: Slutt for kvelden.
- Inngang via selskapsinngangen - døra som ligg nærast Kamille.
- Inngang: 150 kr per person (betalast med Vipps i døra)
- Aldersgrense: 18 år
- Merk: Pubquizen er berre open for påmeldte deltakarar

💌 Påmelding:
Gå inn på profilen til Samnanger Pride her på Facebook og send oss ein melding. Oppgje antal personar (max 6 per lag) og lagnamn om de har det klart.

Trykk “interessert”, samle laget og hald av kvelden - me gler oss til å sjå dykk!🥳
Advertisement

Where is it happening?

Bjørkheim Kro og Motell, Bjørkheim 5, 5652 Samnanger, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Samnanger Pride
Host or PublisherSamnanger Pride

Ask AI if this event suits you