Opera Nordfjord: Musikalske meisterverk // Parken kulturhus
Schedule
Sun Apr 26 2026 at 05:00 pm to 07:20 pm
UTC+02:00Location
Parken kulturhus | Ålesund, MR
Advertisement
Distriktsoperaen på Nordfjordeid har fått med seg Musikklinjekoret på Firda vidaregåande skule og Ålesund Operakor, og saman med eigne korsongarar vil prosjektkoret telle ca. 110 songarar. Solistar er sopran Lydia Hoen Tjore frå Radøy og Cecilia Lund Tomter fra Oslo, og vi får høyre dei både i eigne ariar, i duett fra Rosenkavaleren av Richard Strauss og heilt til slutt i sjølve hovudverket på konserten, som sjeldan blir framført på desse kantar: siste sats fra Mahler sin mektige 2. symfoni, «Oppstandelsessymfonien», der solistar, kor og eit utvida operaorkesteret når nye høgder i ein skjellsettende musikalsk finale.
Det er dirigent Michael Pavelich som har sett saman repertoaret for konserten, og han garanterer ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. Før den mektige avslutninga får publikum oppleve både den staselige overtüren til Die Meistersinger av Wagner, korkantaten Singet dem Herrn av J. S. Bach, ariar frå Samson and Dalila av Saint-Saëns og Lucrezia Borgia av Donizetti og ei perle av eit korstykke, Tendre Amour, som mildt og stille avsluttar første avdeling, før det brakar laust etter pause.
Dei tre kora ser fram til ein kjekk vår med innøving av vakker kormusikk ein ikkje høyrer så ofte; det er ingen tvil om at både solistar, kor og orkester skal få glitre i tur og orden på konsertscenene på Nordfjordeid, i Førde og i Ålesund, forhåpentlegvis for fullsette salar!
___
Dørene åpner:
Foajeen kl 16:00
Hovedsalen ca kl 16:40
Advertisement
Where is it happening?
Parken kulturhus, Parkgata 3b,Ålesund, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.






