Ope møte om bibliotektilbodet i Årstad bydel
Schedule
Mon Nov 10 2025 at 06:00 pm to 07:30 pm
UTC+01:00Location
Årstadbibliotekene | Bergen, HO
Advertisement
Byrådet foreslår i sitt budsjettforslag å legge ned Landås bibliotek i 2026. Det står vidare at “byrådet vil fremover vurdere mulighetene for å etablere et alternativt bibliotektilbud i bydelen”, men dette er ikkje konkretisert. Vi er djupt uroa for planer om nedlegging utan at ein har eit fullverdig alternativ på plass. Derfor vil vi mobilisere alle gode krefter i å snu denne innstillingen. Vi inviterer alle som er glade i biblioteket vårt til eit ope møte der vi kan samlast og legge fram ynskja våre. Her er det eit mål at alle som bryr seg om biblioteket si framtid skal få dele sine meningar og bli høyrde. Alle innspel er like viktige. Bergen kommune er inviterte til å delta for å orientere om status for Landås bibliotek og framtidige planer for bibliotek i bydelen. Det vert høve for å kome med eigne ytringar og spørsmål. Vi vil ha ein konstruktiv dialog for å kunne målbære bibliotekbrukarane i bydelen sine ynskjer for framtida.
Vi kan glede oss til underhaldningsinnslag både ute og inne i samband med møtet. Det vert kaffi og noko og bite i. Ta gjerne med kopp!
Meir detaljar om programmet vert annonsert snarleg, så følg med!
Vel møtt!
Helsing
Nabolagskomiteen for Landås bibliotek
www.bevarbiblioteket.no
Bærekraftige Liv på Landås v/Karoline Oppedal og Andreas H. Opsvik
FAU Landås skole v/Ivar Strand
FAU Fridalen skole v/Mona Vaage
FAU Slettebakken skole v/Linn Skjold
FAU Ny-Krohnborg skole v/Anne Kristine Fjell
Landås litteraturselskap v/Sandra Lillebø
I samarbeid med Årstadbiblioteka v/Per Eide
Har du spørsmål eller ynskjer du å bidra med noko, ta kontakt med koordinator for komitéen
Laila Melkevoll, kulturaktivist
mobil: 930 34 668
e-post: [email protected]
Advertisement
Where is it happening?
Årstadbibliotekene, Nattlandsveien 76A, 5094 Bergen, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.











