OJKOS spiller: Camilla Hole // Nasjonal jazzscene

Schedule

Tue Feb 21 2023 at 08:00 pm

Location

Nasjonal jazzscene | Oslo, OS

Advertisement
An orchestra for composing jazz musicians
Tirsdag 21. februar, kl 20.00. Dørene åpner kl 19.00 - kr 200/150/100
Komponist Camilla Hole har skreve eit verk som kontemplerer over ein livslang fascinasjon over synet av den massive betongblokka - alt ein ikkje ser bak den store grå, litt skremmande fasaden. Historier om fortid og framtid. Kva rører seg av skjebnar bakanfor alle dei vindauga som kunne romma ei heil norsk bygd? Musikken er inspirert av alt frå litteraturens drabantbyfortellingar av bl.a Anne-Cath. Vestly og Zeshan Shakar, til filmens utopiske/dystopiske science fiction.“Streets in the sky - who are you up there?” er eit verk som speglar overveldande følelsar og fantasi, og inviterer lyttaren til å undre seg saman med komponisten og sjå opp mot massive betongblokker med eit nytt blikk evt det same blikket ein sender opp mot stjernehimmelen.
Besetning:
Ane Bjerkan -vokal/harmonium, Camilla Hole – sopransaksofon, Maria Dybbroe – altsaksofon, Sigrid Aftret – tenorsaksofon, Tina Lægreid Olsen – barytonsaxofon, Tancred Heyerdahl Husø – trompet, Lyder Øvreås Røed – trompet, Ellen-Martine Gismervik - cello, Magnus Murphy Joelson – trombone, Johannes Fosse Solvang – trombone, Andreas Rotevatn – trombone, Bjørn-Even Bjarkli Verbeke - piano, Arne Martin Nubo – gitar, Aleksander Hoholm – bass, Knut Kvifte Nesheim – trommer
OJKOS er Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo, eit regionalt orkester for profesjonelle jazzkomponistar som held til på Austlandet. Prosjektet tok form våren 2018 som eit samarbeid mellom Østnorsk jazzsenter, Victoria Nasjonal jazzscene og ei prosjektgruppe på fem jazzutøvarar og -komponistar. OJKOS er ein arena for komponering av ny musikk der alle medlemmene rullerer på å ha kunstnarleg ansvar.
OJKOS har fått tilskudd fra Kulturrådet og Oslo kommune.
Advertisement

Where is it happening?

Nasjonal jazzscene, Karl Johans gate 35,Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Nasjonal jazzscene

Host or Publisher Nasjonal jazzscene

It's more fun with friends. Share with friends