Odd Nordstoga – Før du går

Schedule

Sat, 23 Jan, 2027 at 07:00 pm

UTC+01:00
Location

Sandvigå 1, 4007 Stavanger, Norway | Stavanger, RO

Advertisement
Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Han får oss til å danse, og han får oss til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga songar som rører ved livet me lever. Slik skal god musikk vera.
Det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med publikum. Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han til seg – i høgtid som i fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei vitamininnsprøyting, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester eller lyfta av strykarar.
Odd er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa.
No er han aktuell med ny, strålande musikk. Og i samband med eit rykande ferskt album som kom i haust, tek han med seg sitt glimrande band og vitjar Stavanger konserthus 23. januar 2027.
Billetter i salg fra fredag 2. oktober kl. 10:00
Advertisement

Where is it happening?

Sandvigå 1, 4007 Stavanger, Norway, Sandvigå 1, 4007 Stavanger, Norge, Stavanger, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Stavanger konserthus
Host or PublisherStavanger konserthus

Ask AI if this event suits you