Odd Nordstoga med band // Operaen

Schedule

Sun Nov 20 2022 at 07:00 pm

Location

Den Norske Opera & Ballett | Oslo, OS

Advertisement
Billetter i salg fra fredag 1. april kl. 10:00
Odd Nordstoga med band – Inn i skogen og ut på tur
Med sekken full av både nye og gamle favorittlåtar, legg heile Noregs Odd Nordstoga ut på ein haustturné, som også markerar sleppet av eit heilt nytt album.
Med seg på tur har han sitt eminente band, med nokon av landets ypparste musikarar, som trippar etter å formidle den etterlengta kjensla av samspel som berre eit skikkeleg godt orkester kan levere.
På desse konsertane vil publikum få servert låtar frå albumet Fatig ferdamann, som Odd leverte til strålande mottaking midt under pandemien, men også låtar frå det komande albumet Inn i skogen, som ventas i starten av oktober. I tillegg blir det rikeleg med favorittar frå Nordstogas arkiv, sjølvsagt! Få greier å skildre poesien i kvardagen slik han gjer, utan at det blir anten klisjefylt eller svulstig. Han syng om venskap og kjærleik, om naturen og om dagane som kom og gjekk. Han får oss til å danse, sjølv om me ikkje kan, og til å ville synge om denne grisen som står og hyler.
Det er aldri nokon tvil om at denne mannen lever for å spela for publikum, og det er ikkje rart at folk i alle aldrar har trykt han til bringa, både til høgtid og på fest. Ein konsert med Odd Nordstoga og bandet hans opplevast rett og slett som ei sårt tiltrengt vitamininnsprøyting.
Advertisement

Where is it happening?

Den Norske Opera & Ballett, Kirsten Flagstads plass 1, Oslo, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Stageway

Host or Publisher Stageway

It's more fun with friends. Share with friends