OBS: Pga sjukdom - Ny dato 11. JUNI. 🎶 DEBUTKONSERT: Opplev SKYV på Meieriet! 🎶

Schedule

Thu, 11 Jun, 2026 at 08:00 pm

UTC+02:00
Location

Meieriet Frekhaug | Bergen, HO

Advertisement
🎶 DEBUTKONSERT: Opplev SKYV på Meieriet! 🎶
Kva skjer når jazz og pop smeltar saman i eit kompromisslaust, luftig og uimotståeleg driv? Svaret får du torsdag 11. Juni!
Vi i det nystarta bandet SKYV inviterer til vår aller første konsert, og vi gleder oss stort til å innta scena på Meieriet på Frekhaug.
Kva kan du vente deg?
Musikken vår er prega av kontrastar: Det er ope, transparent og luftig, men samstundes energisk og med eit tydeleg rytmisk driv. Med utgangspunkt i låtmaterialet til vokalist Ingelin Reigstad Norheim, har vi saman forma eit heilt nytt sound der det sarte møter det kraftfulle.
Denne kvelden vil vi presentere signaturlåten vår, «Skyv» – låten som definerer det musikalske landskapet der det svevande møter det groovy.
Om bandet:
SKYV består av fire musikarar som kvar for seg har brei erfaring, men som saman skaper noko heilt nytt:
Ingelin Reigstad Norheim (vokal/gitar)
Henning Hodne Mjanger (gitar)
Geir Dahle (bass)
Sigurd Steinkopf (trommer)
📍 Praktisk informasjon:
Dato: Torsdag 11. Juni
Stad: Meieriet, Frekhaug
Dørene opnar: 1930
Konsertstart: 2000
Billettar: https://skyv.hoopla.no/event/1784890584
Vaksen: 300,- (inkl avgift)
Student: 170,- (inkl avgift)


Ta med deg ein ven eller fem, og bli med på ein unik kveld med splitter ny musikk! Vi gler oss til å sjå deg i publikum! ✨

#SKYV #Debutkonsert #Meieriet #Frekhaug #NyMusikk #JazzPop #KonsertNordhordland
Se mindre
Advertisement

Where is it happening?

Meieriet Frekhaug, Havnevegen 68, 5918 Frekhaug, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.

Ask AI if this event suits you