Når forskaren tek stilling
Advertisement
Har forskarar ei særleg plikt til å delta i debattar og ta tydeleg standpunkt? Kan vi stole på forskarar som ikkje berre dokumenterer, men òg demonstrerer?
Forskarar blir oppmoda til å formidle forsking og delta i samfunnsdebatten. Samstundes blir dei åtvara mot å kombinere forsking med politisk engasjement. Satt på spissen kan ein sjå for seg følgjande dilemma: Skal klimaforskaren berre dokumentere klimaendringane, eller bør hen bli med i demonstrasjonen utanfor Stortinget for å få politikarane til å endre politikken?
Kor grensa går, kjem an på kven du spør. Kritikarane fryktar mellom anna at politisk engasjerte forskarar lar seg freiste til å tilpasse forskinga etter det politiske prosjektet. Forsvararane vil innvende at det å jobbe for samfunnsendring basert på vitskap, er det moralske og rette å gjere.
Mellom dei tydelege ytterpunkta finst det gråsoner og snubletrådar som kan råke alle forskarar. Når blir samfunnsengasjement ein styrke for forskinga, og når kan det svekkje tilliten til ho?
Dette spørsmålet står sentralt når vi inviterer til debatt om tillit til forsking under Forskingsdagane i Stavanger-regionen.
I panelet sit:
-Per Arne Bjørkum, professor emeritus og tidlegare dekan ved UiS samt forfattar
- Andreas Ytterstad, professor ved institutt for journalistikk og mediefag (OsloMet), forfattar og klimaaktivist
- Ola Kvaløy, dekan og professor ved Handelshøgskolen UiS
Ordstyrar er Anki Gerhardsen, mediekritikar og ansvarleg redaktør for Lytring.
---
Arrangementet er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger og Forskingsdagane - heile Norges forskingsfestival. Tillit er årets festivaltema.

Where is it happening?
Universitetsbiblioteket i Stavanger, Stavanger, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherUniversitetet i Stavanger