Musikalpub

Schedule

Fri, 13 Nov, 2026 at 08:00 pm

UTC+01:00
Location

Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway | Bergen, HO

Advertisement
Velkomen til halloweenutgåva av Musikalpub! 🧛
Enten du vil kaste deg ut i songen sjølv, eller berre kose deg og lytte til andre, her er alle velkomne.
🌙Mørkret fell og natta er svart
🌙Midnattstimen nærmar seg snart
🌙Vesen kryp fram, på jakt etter blod
🌙Og spreier skrekk der folk finn ro
🌙Den som dei finn, utan sjel og sans
🌙Som ikkje kan danse i mørkets dans
🌙Må møte helveteshundane svart
🌙Og rotne i likskalet, kaldt og hardt.

Og sidan det er slik ute no i desse dager, kan det være godt å komme inn i varmen på skiftet bar, og Musikalpub - Halloween! Fredag 13. november brakar nemleg årets skrekkeligaste songkveld laus.
Med oss denne gongen har vi Alf Johannes Agcaoili Borge, aka SangAlf, songar, gitarist og musikar med lang erfaring frå både øvingslokalet og scena, saman med bl.a. Major Parkinson, Thelema, Paul Bernard, Turbostipend, Miksteip, mm.
Driver mannskoret Alrek Hardbakkakor og damekoret KorrKorr med sin fru.
Alf fekk sin store debut som rockestjerna Brage, i framsyninga “Våpenbror, en musikal”, og har også underhaldt publikum som skodespelar saman med den brisne gjengen tidlegare kjent som “Tull På Bull”. Måtte dei kvile i fred.
Så kle på deg lakenet, spiss tenna, fyll opp bøtta med godteri, og bli med på Skifte bar, og Musikalpub - Halloween. Om du tør!
Vi syngast. ;-)

Musikalvert og primus motor er Anders Vårdal Gjerde.
Pianist er Frode Skag Storheim

Pris: Betal det du kan, frå kr 75,-
Advertisement

Where is it happening?

Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway, Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Det Vestnorske Teateret
Host or PublisherDet Vestnorske Teateret

Ask AI if this event suits you