Molladalssamling 2026

Schedule

Fri, 28 Aug, 2026 at 12:00 pm to Sun, 30 Aug, 2026 at 08:00 pm

UTC+02:00
Location

Molladalen | Aalesund, MR

Advertisement
Fjordårets samling hadde eit beskjedent deltakartal, så i år håper vi på meir enn 10 deltakarar. Dette er eit sosialt arrangement for klatrarar som møtast i verdas udiskutabelt finaste dal for å henge saman. Denne henginga skjer både rundt bålet på kveldstid og i tau på ulike klatreruter.
Molladalsamlinga går langt tilbake i tid, og i alle fall tilbake til godt ned på 80-talet.
Klatreklubben sitt ansvar under samlinga avgrensar seg til å sørge for at det står ein sekk med ved der stien opp til dalen startar. Meininga med denne veden er at folk kan ta med seg eit par vedkubbar til kveldsbålet. Ein har no uansett med seg så alt for lite i sekken.
Sporlaus ferdsel i Molladalen betyr:
Ta med deg kvar ein tannpirkar og posesnus du bar med deg opp. INGENTING skal ligge att.
Finn du spor/skrot etter andre? Då tek du det med deg heim og set det inn på kontoen for god karma.
Om du absolutt må på nummer to - Ta helst med deg produktet heim. Ellers - gå grusomt langt vekk frå teltplassar og råser, brenn opp (eller ta med deg) brukt dopapir og dekk fint til etter deg med noko mose eller liknande. Tips: Gå gjerne på do før du går opp i dalen, og klatr så hardt og mykje at du brukar opp all maten du puttar inn.
Nokre ruter ligg det førar til HER.
Andre ruter finn du i boka "Sunnmøre - Frå tinder til kampesteinar". SKK har nokre for sal. Kontakt [email protected] om du treng ei.
Advertisement

Where is it happening?

Molladalen, Ørsta, Norway, Aalesund

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Sunnm\u00f8rsk Klatreklubb
Host or PublisherSunnmørsk Klatreklubb

Ask AI if this event suits you