Mitt liv som ansatt – med Fredrik Fornes // Oseana

Schedule

Wed, 10 Mar, 2027 at 07:00 pm

UTC+01:00
Location

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway | Bergen, HO

Advertisement
Fredrik Fornes er føredragshaldar, forfattar – og Noregs største arbeidslivsinfluenser.
Med dei satiriske videoane sine om finurlegheitene i kontorkulturen har han på rekordtid fått over 100 000 følgjarar og millionar av visningar på Instagram. Der peikar han nådelaust, men kjærleg, på det absurde, det morosame og det fullstendig idiotiske i norsk arbeidsliv.
I «Mitt liv som tilsett» tek Fredrik for første gong med seg kontorstolen ut av Teams-møtet og opp på scena for å lage humorshow. Her får du ein time med attkjenneleg, skarp og absurd kontorhumor – eit standupshow for alle som nokon gong har vore i eit møte utan agenda, hevda at dei brenn for logistikk, eller brukt corporate bullshit-ord dei sjølve ikkje forstår.
Vi kan love hårreisande parykkar. Vi kan love ein PowerPoint med altfor mange slides. Vi kan love at KPI-ane dine vil bli redefinerte, realitetsorienterte, synergieffektiviserte og implementerte i eit målbilete du aldri har godkjent.
Men først og fremst kan vi love ein time med latter, litt smerte – og brutal ærlegdom om livet som tilsett.
Dersom du nokon gong har hatt ein jobb, vil du kunne kjenne deg att i Fredrik sitt skråblikk.
Velkomen til eit humoristisk allmøte om livet på jobb!
_____
Varigheit: Ca 1 time
Rullestolar og ledsagarar: Ledsagarar har gratis inngang. Rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast/reserverast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: [email protected]
Advertisement

Where is it happening?

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Oseana kunst- og kultursenter
Host or PublisherOseana kunst- og kultursenter

Ask AI if this event suits you