MASTERCLASS "Tenk som ein kostymedesignar” m. Dordi Strøm / *Next Generation Queer Xpression
Schedule
Mon Nov 25 2024 at 05:00 pm
UTC+01:00Location
Skeivt Kunst- og Kultursenter / SKOKS | Oslo, OS
Advertisement
Har du ein draumekarakter du vil designe kostyme til? Kanskje har du ein karakter i deg som du ikkje visste om?På dette kurset ser vi på kostymane til kjente og ukjente, skeive og streite, snille og slemme superheltar i populærkulturen. Kva avslører kostymet? Har karakterane hemmelege krefter eller går det an å sjå kreftene i kostymet? Kva er dei redde for? Kva drøymer dei om?
Du lærer om alle kostymedesignarens arbeidsprosess, alle hen samarbeider med i teateret og om kostymeskissa som verktøy og kommunikasjon. Du får tips og metodar frå teaterkostymedesignar-verda til å utvikle eigne karakterar og vi teiknar kostymeskisser til eigne superheltar, kings og queens.
Ta med deg ein blyant. Eg har med teiknepapir, nokre fargar og stoffprøver.
Kurset passar for alle interesserte. Du treng ikkje å vere god til å teikne for å bli med!
Dordi Strøm er kostymedesignar, scenograf og forfattar og har designa for Det Norske Teateret, Nationaltheatret, Teater Vestland, Riksteatret, Rogaland Teater og ei lang rekke scenekunstkompani sida 1996. På turné med DKS har ho teikna kostymeskisser til skumle troll, bad-guys og - girls, i lag med snart 5000 barn og unge. Ho er mottakar av Statens kunstnarstipend for Etablerte kunstnarar. www.dordi.no
*Masterclass-serien er støttet av Kulturrådet
Advertisement
Where is it happening?
Skeivt Kunst- og Kultursenter / SKOKS, Christian Krohgs gate 60, 0186 Oslo, Norge,Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays: