Mari Kvien Brunvoll & Stein Urheim + Moskus
Schedule
Fri, 23 Jan, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway | Voss, HO
Advertisement
Mari Kvien Brunvoll: vokal, elektronikk, perkusjon, sitar, glockenspielStein Urheim: vokal, gitarar, fløyter, elektronikk
Anja Lauvdal: piano, synth, harmonium, elektronikk, vokal
Fredrik Luhr Dietrichson: kontrabass, cello, plystring, vokal
Hans Hulbækmo: trommer, perkusjon, blokkfløyte, munnspel, tabla-maskin, vokal
I august 2024 kom den kritikarroste utgjevinga Barefoot in Bryophyte, basert på musikk frå eit bestillingsverk til Vossajazz i 2023, der Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll skreiv musikk og tekst til eit kvintettsamarbeid med trioen Moskus – Anja Lauvdal, Hans Hulbækmo og Fredrik Luhr Dietrichson.
Utdrag frå prosjektet fekk i 2024 NOPAS musikkpris, og albumet blei òg kåra til årets beste album av Nick Hasted i britiske Jazzwise det året.
Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim har skapt låtar som dei har bearbeidd vidare saman med Moskus. Det opne og improvisatoriske går att i musikken til låtskrivarane, der dei blandar det kjende og ukjende i songane sine. Dei har ei undrande tilnærming til det skapande, med tekstar som er både opne for tolking og treffande på same tid.
I tillegg til ei rekkje utgjevingar, Spellemann-nominasjonar og samarbeid med ulike musikarar har Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim tre utgjevingar bak seg som duo:
Stein & Mari’s Daydream Community (2011)
Daydream Twin (2013, Spellemann-nominert i open klasse)
For individuals facing the terror of cosmic loneliness (2015)
Anja Lauvdal, Fredrik Luhr Dietrichson og Hans Hulbækmo utgjer medlemmene i Moskus – ei trio som det siste tiåret har etablert seg som eit enormt kraftfelt i det norske jazzmiljøet.
Dei går inn i musikken med ein særmerkt signatur av smittande leikenheit, sveiseblind sjangerblanding og obsternasig eksperimentvilje. Ein fot i fundamentet, ein fot i framtida, og kontinuitet som nøkkelord – har gjeve sju plateutgjevingar, fem Spellemann-nominasjonar og gjort at trioen for alvor har sett sitt preg på den same arenaen det siste tiåret.
Advertisement
Where is it happening?
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway, Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norge, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.

















