Lær å fermentere – praktisk kurs på Reindyrka

Schedule

Thu Sep 17 2026 at 04:00 pm to 06:00 pm

UTC+02:00
Location

Reindyrka | Bergen, HO

Advertisement
Fermentering er ein enkel og smakfull måte å foredle og konservere grønsaker på – og samstundes ta vare på dei gode bakteriekulturane.
Dette populære kurset har vore ein del av Økoveka i fleire år. Kurshaldar Johanna Dyngeland frå Bærekraftig Helse deler av si lange erfaring med mjølkesyregjæring og konservering.
Kurset passar både for deg som aldri har fermentert før, og for deg som har prøvd litt og vil bli tryggare. Du lærer dei viktigaste prinsippa og dei beste knepa for å lykkast heime, kva du bør vere merksam på undervegs, og meir om dei helsefremjande eigenskapane til fermentert mat.
Vi lagar fire ulike fermenteringsprosjekt som du får med deg heim:
- tradisjonell surkål (sauerkraut)
- fermentert ketchup
- fermentert kvitløk
- sylta raudbetar
Alle råvarer og oppskriftshefte er inkludert i kursprisen.
Og kom gjerne svolten – det blir mange gode smaksprøver undervegs!
Ta med: 3 reine sylte- eller fermenteringsglas på ca. ½ liter
Kurshaldar: Helsecoach Johanna Dyngeland, Bærekraftig Helse
Pris: kr 699,-
Påmelding: Send e-post til [email protected]
Merk: Etter påmelding er det eit avbestillingsgebyr på 100 kr.
Kurset blir halde i kurslokalet på Reindyrka. Det er trapp ned til lokalet.
Advertisement

Where is it happening?

Reindyrka, Strandgaten 21, 5013 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
\u00d8KOVEKA Bergen
Host or PublisherØKOVEKA Bergen

Ask AI if this event suits you