Lyarscena: Slåttespel på trekkspel | Stova på Bakke Gard
Schedule
Sat Apr 05 2025 at 05:30 pm to 06:30 pm
UTC+02:00Location
Trollefossvegen 9, 6982 Holmedal, Norge | Førde, SF
Advertisement
Smakebitar frå Ole Nilssen sitt arbeid med å overføre speleteknikkar, harmoniføringar og formspråk frå hardingfele til trekkspel.Ole Nilssen – trekkspel
Lyarscena er Sunnfjords best bevarte hemmelegheit.
Du veit det kanskje ikkje, men Sogn og Fjordane har ei ganske så spesiell distriktsmusikarordning som ikkje finst så mange stader i landet. Distriktsmusikarane bidreg til Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester – dei er utøvande musikarar på øvste hylle.
Som lærarar treffer dei om lag 250 elevar kvar veke, og som musikarar kanskje så mykje som 16-20.000 publikummarar i året.
Lyarscena er overflodshornet, der dei får spele med hjarte og sjel. No tar distriktsmusikarane i Sunnfjord Lyarscena ut på turné i distriktet Sunnfjord, til nokre utvalde stader: Førde, Svanøy, Holmedal og Askvoll.
Vi kallar det «Frå scena til sjela, store opplevingar på små stader»
Arrangør: Folkeakademiet Askvoll i samarbeid med Folkeakademiet Førde og gjengen på Bakke Gard.
Vipps i døra, billettpris:
Medlem kr 160,-
Vaksen ordinær kr 200,-
Born gratis.
Hjarteleg velkome!
Advertisement
Where is it happening?
Trollefossvegen 9, 6982 Holmedal, Norge, Trollefossvegen 9, 6982 Holmedal, Norge,Holmedal, Sogn Og Fjordane, Norway, FørdeEvent Location & Nearby Stays: