LANSERING DEN ANDRE SIDA AV ELVA
Schedule
Wed, 25 Feb, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Den Gamle Skobutikken | Oslo, OS
Advertisement
Kjære vennar og kjente og alle andre Hjarteleg velkomen til lansering av romanen "Den andre sida av elva". Eg har skrive mi fjerde bok og min fyrste roman og vil gjerne feire det saman med deg. Romanen er også den fyrste fiktive boka eg har skrive etter «Snu deg. Edvins bok», om tida etter at vi mista sonen vår, hausten 2020. Det kjennest derfor ekstra på sin plass med ei skikkeleg feiring.
Her er boka:
«Den andre sida av elva» foregår i tjukkaste Gudbrandsdalen. Da Karnanne Amundsen sitt liv i Oslo raknar, dreg ho frå ektemannen og attende til bygda ho kjem frå, Tverrbygda, den same staden ho rømte frå 16 år gamal, etter at systera Alicia vart funnen død i elva.
Karnanne buset seg i faren sitt hus, kor ho les opp att gamle segn om ungjenter som vart tatt av berget. Men såra frå fortida opnar seg på nytt. Ho anar etter kvart at fleire veit meir om systera sin død enn det dei har sagt. Folk i bygda er framleis prega av det som hende, og ikkje alle liker at Karnanne er attende og stiller spørsmål. Finst det nokon ho kan stole på?
Festen foregår på Den gamle skobutikken, Torggata 9B. Det blir ei samtale om å dra frå bygda, om gamle segn, sorg og kjærleik, mellom meg og Siv Gøril Brandtzæg. Det blir òg eit eller fleire musikalske innslag, og gjestar som heiter Karnanne eller Karen Anne får ein premie. Har du ein venn som heiter dette? Ta ho med!
Advertisement
Where is it happening?
Den Gamle Skobutikken, Torggata 11, 0181 Oslo, Norge, Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.


















