Langlesing av Hauge på Litteraturhuset i Bergen: Glør i oska / Poesifestivalen 2022

Schedule

Thu Sep 08 2022 at 07:00 pm

Location

Litteraturhuset i Bergen | Bergen, HO

Advertisement

Eli Fossdal Vaage les diktsamlinga Glør i oska på Litteraturhuset i Bergen som ein lyrisk tjuvstart på årets poesifestival.
Ein glimrande start på årets festival, og også ein sjanse til å gje publikum i byen eit møte med Hauge si dikting. Poet Eli Fossdal Vaage har valt samlinga Glør i oska frå 1946.
Poesifestivalen i Ulvik har utfordra fleire poetar til å lesa utvalde diktsamlingar av Olav H. Hauge. Under festivalen i Ulvik kan du dette året høyra Odveig Klyve lesa Spør vinden og Aina Villanger lesa Under bergfallet. Men på Litteraturhuset i Bergen; Eli Fossdal Vaage og Glør i oska.
Eli Fossdal Vaage debuterte i 2014 med diktsamlinga Hekla myter i 2014. I 2019 kom diktsamlinga Estalåni, og i 2021 novellesamlinga Grå hoppe. Vaage skriv stilsikker lyrikk i eit klårt språk som til tider nærmar seg prosa.
Vaage er forfattar og journalist og arbeider som kontorfullmektig ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho er ein av initiativtakarane og drivarane av skrivekollektivet Blomster&Bureau. For sine to diktsamlingar fekk ho Bokhandelens forfattarstipend i 2019.
Advertisement

Where is it happening?

Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5-7, Bergen, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Litteraturhuset i Bergen

Host or Publisher Litteraturhuset i Bergen

It's more fun with friends. Share with friends