Køyrekurs, utstillingsforberedande kurs og køyreprøve

Schedule

Sat, 15 Aug, 2026 at 12:00 pm

UTC+02:00
Location

Nordfjordeid, Norsk Fjordhestsenter og Øyane | Sunndal, SF

Advertisement
Velkomen til ei kjekk helg med køyrekurs og køyreprøve :)
Vi set opp køyrekurs og utstillingsførebuande kurs for dei som skal ta køyreprøve eller stille hest på utstilling.
(Fokus Unghest, modul A4)
Førebels program
Laurdag 15. august
Køyretimar med Gunnar Bruland på Norsk Fjordhestsenter.
Vi set opp individuelle timar på 30 minutt per ekvipasje, og tilpassar opplegget etter ønskje.
Etter timane startar vi med Fokus Unghest, modul A4.
Kurset passar godt for dei som skal ta køyreprøve, er nye i utstillingsmiljøet eller berre ønskjer å friske opp tidlegare kunnskap.
Søndag 16. august
Køyreprøve (vert i Øyane og tidspunkt kjem – føremiddag).
Dommarar for dagen er Terje Jørgensen og Heidi Østbye.
NB! Gjeld berre hopper og vallakar.
Godkjend køyreprøve vil vere gjeldande i inneverande år og neste utstillingssesong.
Pris
Dette er ei helg med eit variert program. Er det noko som er uklart, er det berre å spørje. Du vel sjølv kva du ønskjer å vere med på.
Individuell køyretime (1 time): kr 500
Ungdomspris for medlemer i Eid Fjordhestlag: kr 250
Utstillingsførebuande kurs (teori og gjennomgang av moment til køyreprøva):
kr 500 per ekvipasje
Køyreprøve søndag:
kr 500 per ekvipasje
Arrangøren kan stille med vogn til prøva dersom du ikkje har eiga vogn du ønskjer å bruke. Vogna må oppfylle krava til køyreprøve. Det er viktig at alle har lese bruksprøvereglementet.
Vi kjem tilbake med oppdatert og praktisk informasjon så snart vi har oversikt over dei påmelde.
Påmeldingsfrist: 19. juli
Påmelding til Kari Sefland Bjørlo på PM eller SMS til 988 53 984.
Advertisement

Where is it happening?

Nordfjordeid, Norsk Fjordhestsenter og Øyane, nordfjordeid norsk fjordhestsenter og %C3%B8yane, Nordfjordeid, Norway, Sunndal

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Eid Fjordhestlag
Host or PublisherEid Fjordhestlag

Ask AI if this event suits you