Kystsogedagane på Bømlo 21.-23.august 2026

Schedule

Fri, 21 Aug, 2026 at 07:00 pm to Sun, 23 Aug, 2026 at 06:30 pm

UTC+02:00
Location

Hovlandsvegen 2, 5443 Bømlo, Norway | Haugesund, RO

Advertisement
Fredag 21/8-26: 1900: Sjømatbuffèt. Her setter me fram eit breidt utval av havets delikatesser, som sjøkreps, krabbe (fyllte skall), snøkrabbe, reker, blåskjell og laks i ulike valører. Tilbehør er brød, mangosalat, potetsalat, eggerøre osv. Me har også har alternativ til sjømat (pastasalat), noko søtt til kaffien, sjokoladepudding, sitronfromasj og husets Dronning Maud. Hugs å ete godt, men ikkje gløym at du skal kose deg ein heil kveld...
2100: Kystsonglaget er velkjent for dei fleste på Bømlo og omegn. Gjengen består av Åsmund Nesse, Hans Olav Molde og Geir Ersland. Dei er gode kompisar og har spelt i lag i "fleire generasjonar". Gle dåke!
Litt utpå kvelden spelar Never Mind opp til dans. Denne gjengen har spelt på bygdatunet for nokre år sidan og me gleder oss stort til å få dei tilbake til Bømlo. Dei kjem frå Fedje, så dei er vande med danseglade vestlendingar. Snør på deg skona og bli med på golvet.
Laurdag 22/8-26: 0900: Frukost på bedehuset. Denne deilige frukosten gir deg ein fin start på dagen (arr.Bømlo Bedehus) 1100-1600: Aktivitetar, stander, underhaldning, kystkultur, foredrag, mat&drikke. Konferansier på dagtid er Arne Torget, noko som er verdt besøket i seg sjølv. I år kjem Harald Østensjø til kultursalen og tar oss med på ei reise gjennom historia til nordsjø-, industri- og pelagisk tråling frå 1952 til 2010. Dette må folket få med seg. Harald kjem frå Haugesund og me ser fram til vitjing av han. Fridtun og Motormuseet i Eidesvik er ope. Elles vert det tradisjonen tru kassabilløp (i år prøver me oss også på vaksen/bedriftsklasse), hoppeslott, ansiktsmaling, salg av grillmat, bacalao, kaffi og kaker. Brannbamsen Bjørnis kjem også og underheld for dei minste. Loddsalg med flotte gevinster.
Dørane for kvelden opnar kl 20.00. Først ut blir det Standup (hemmelig inntil vidare) etterfulgt av BØRST som har teke Rogaland med storm, no endeleg på bygdatunet. Kvelden avsluttes med DJ (TBA). 02.00: Slutt for i kveld.
Søndag 23/8-26: Kl 10-14 har Tur og Sogelaget ope Fridtun, ta turen innom der om du ikkje rakk det i går.
Kl 1200-1800: Kafeen i bygdatunet har ope. Kom gjerne innom for ein herlig søndagsmiddag eller ein kebabtallerken, burger eller noko anna godt.
Kl 1430: Kyrkjevandring på gamle kyrkjestien (oppmøte på Vika v/skytebanen. Forfriskningar på kyrkjebakken på Vorland etter endt tur.
Kl 1700: Songtime med Trekkspelklubben i gamle kyrkja. Kollekt. Arr.Bømlo Sokneråd
Overnatting? Sjekk ut AirBnb. God plass til bobilar og båtar inne i lune Langevåg.
Advertisement

Where is it happening?

Hovlandsvegen 2, 5443 Bømlo, Norway, Hovlandsvegen 10, 5443 Langevåg, Norge, Haugesund, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Langev\u00e5g Bygdatun AS
Host or PublisherLangevåg Bygdatun AS

Ask AI if this event suits you