Kva no, Noreg? Foredrag med Trygve Slagsvold Vedum
Schedule
Fri Jan 24 2025 at 02:00 pm to 04:00 pm
UTC+01:00Location
Universitetsaulaen i Bergen | Bergen, HO
Advertisement
Korleis står det eigentleg til med økonomien i Noreg, eit av verdas rikaste land? Korleis møter regjeringas økonomiske politikk dei store utfordringane som me veit kjem til å møte oss i åra som kjem? Og kva gjer me den dagen oljeinntektene byrjar å minke?Desse spørsmåla og fleire er tema når finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltek på Studentersamfunnet i Bergen sitt opningsmøte for våren 2025.
I statsbudsjettet for 2025 er det lagt opp til å bruke 460 milliardar kroner frå Oljefondet. Samtidig som at oljepengebruken har auka år for år sidan inntektene byrja å ta til på 70-talet, har norsk fastlandsøkonomi hatt ei langt mindre lineær utvikling.
Produktivitetsveksten i norsk økonomi (sett vekk frå sokkelen) nådde ein topp i 2006, og har sidan avtatt.
Påstanden frå Martin Bech Holte i si ferske og mykje omtalte bok er at det er feil å bruke oljerikdommen til å dekke stadig større offentlege utgifter, medan pilene i fastlandsøkonomien peikar nedover, samtidig som inntektene frå sokkel er nøydde til å minke på sikt, fordi ressursane vert tømde og det grøne skiftet skal gjennomførast. Konsekvensen av denne påstanden er ein påstand om at Noreg er på veg mot ein form for «hollandsk sjuke» - situasjonen der ei overdriven tru på og tilvenning til store inntekter frå ein naturressurs gjer dei offentlege utgiftene kunstig store og smertefulle å omstille.
Er dette ein legitim kritikk av skiftande regjeringar sin politikk, eller ein ugrunna dommedagsprofeti? Hva har auken i oljepengebruk gått til?
At produktiviteten veks svakt er likevel ikkje nokon særnorsk trend. Draghi-rapporten bestilt av EU-kommisjonen syner at dette gjeld for heile unionen, og at Europa si samla konkurranseevne er sterkt svekka dei siste tiåra, og svekkast år for år. Kva grep gjer regjeringa for å trygge norsk økonomi si konkurranseevne i møte med Kina og USA?
Samtidig peiker regjeringas perspektivmelding år etter år på nokre sentrale utfordringar på lengre sikt. Me vert relativt sett fleire eldre, færre i arbeid, og ikkje minst færre som skal arbeide i næringslivet, når behovet i helsevesenet tek til.
Reknestykket latar ikkje til å gå opp. Finansministeren og resten av regjeringa gjentek stadig at ein held igjen pengebruken for å hindre å overstimulere aktiviteten i økonomien, slik at prisstigninga minkar og folk får betre råd. Dette er rett nok eit viktig mål på kortare sikt. Men har regjeringa ein plan for korleis ein skal ha råd til å drive velferdsstaten dei neste hundre år?
Billettar blir lagt ut snart!
Vel møtt til opningsmøte i Universtetets Aula, 24. januar kl. 14
Advertisement
Where is it happening?
Universitetsaulaen i Bergen, Muséplass 3,Bergen, Hordaland, NorwayEvent Location & Nearby Stays: