Kurs i halmkrune med Mari Bryni
Schedule
Thu Jul 02 2026 at 11:00 am to 05:00 pm
UTC+02:00Location
Kunstlåven i Seljord | Notodden, TE
Advertisement
Mellom himmel og halm - lag din eiga halmkrunePå kurset får du innføring i dei grunnleggande teknikkane innan halmsløyd. Du får lage di eiga
halmkrune i tradisjonell stil med element frå halmkruna frå Hovland i Hjartdal (1660-1700).
Halmkruner (også kalla himmeli) har vore i bruk i Norden langt attende i tida. Kruna er ein
tradisjonsrik dekorasjon laga av halm eller strå; gjerne rughalm. Kruna vart hengt opp i høve
store høgtider som jul, men vart også brukt til festdagar som bryllup, dåp og andre merkedagar.
Tid: 2. juli kl 11.00 - 17.00
Stad: Kunstlåven i Seljord (inngang frå låvebrua)
Pris: Kurs inkludert materialer kr 1200 for medlemmer av Norges husflidslag eller Seljord
kunstforening, kr 1500 for andre
Ta med: Linjal, saks, kniv, blyant, forklede og niste
Anna: Det er ikkje sikkert du får laga ferdig kruna denne dagen, men du lærer teknikkane slik at
du kan gjera ferdig arbeidet heime.
Påmelding: [email protected]
Om kurshaldaren: Mari Bryhni er tradisjonshandverkar, husflidshandverkar og halmentusiast
busett på Løten. Ho har i meir enn 50 år vore interessert i halmarbeid og har lang erfaring som
kurshaldar i faget. Ho har gått fleire kurs i halmsløyd i Sverige og produsert himmeli og
halmdekorasjonar av ulikt slag for sal gjennom ei årrekke. I 2025 stod Mari for rekonstruksjonen
av halmkruna frå Hovland i Hjartdal på Telemark Museum der det også var kurs i teknikken.
For påmelding må mail sendes til [email protected]
Advertisement
Where is it happening?
Kunstlåven i Seljord, Brøløsvegen 4,Seljord, Notodden, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.





