Kurs i bundle dye på Sunnfjord Museum

Schedule

Sun Aug 23 2026 at 11:00 am to 03:00 pm

UTC+02:00
Location

Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norway | Førde, SF

Advertisement
Sunnfjord Museum ønskjer velkomne til kurs i Bundle dye, med kursleiar Gitte Midtbø frå Gardsfargeriet.
Bundle Dye er ein teknikk for naturleg farging av tekstil der plantar, blomar eller andre naturmateriale leggast direkte på stoffet og garnet. Stoffet vert deretter rulla saman, pakka stramt og dampast. Dampen gjer at fargane utviklar seg og set seg på stoffet. Det er ein miljøvennleg og kreativ metode som også blir kalla "eco-printing", fordi plantene set avtrykk av farge og form på tekstilet.
På kurset får du som deltakar farge to bomullstørklede og eit 100gr garnhespe. Tekstilane er behandla med ein slags "beis", alun, for at fargen skal feste seg betre. Dette ordnar Gitte med i forkant. Du får eit utval med fargematerial og kan leike deg i fargeprosessen.
Det blir litt teori undervegs.
Pris: 1650,-
Bindande påmelding. Påmelding og betaling av kurset skjer på museet sitt system Museumsbillett, på nettstaden https://misf.no/sunnfjord-museum/opplevingar/kurs-i-bundle-dye
Kursplassar: 10 personar
Tid: ca. 4 timar. Lett servering undervegs.
Nedre aldersgrense: 10 år. Barn under 15 år må vere i følge med ein vaksen.
Utstyr: Forklede og elles ha på kle som tåler søl.
Påmeldingsfrist: 17. august.
Har du spørsmål? Ta kontakt med museumspedagog Nina Renate Brendsdal, tlf. 414 21 959, e-post: [email protected]
Velkommen til eit spennande og fargerikt kurs på Sunnfjord Museum!
Advertisement

Where is it happening?

Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norway, Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norge, Førde, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Sunnfjord Museum
Host or PublisherSunnfjord Museum

Ask AI if this event suits you