Kniv og taffel – Tafler julen inn │ Oseana
Schedule
Sun, 07 Dec, 2025 at 06:00 pm
UTC+01:00Location
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway | Bergen, HO
Advertisement
Endeleg kjem Kniv og Taffel Swingjazzorkester til Oseana med sin legendariske julekonsert! Dette fem-mannsorkesteret har i ei årrekke «tafla jula inn» med Django Reinhart-inspirert fiolinjazz. Her tar det av med virtous stringswing og smektande julesongar i jazzversjon, ispedd ei solid dose humor. Publikum drivast ubønnhøyrleg til eufori, og sørger alltid for at neste års julekonsert blir utseld på ein blunk. Her er det berre å skaffa seg billett først som sist!
Musikarane er kjende frå blant anna Real Ones, og flerie av dei har vunne høgthengande jazzprisar som Vossajazzprisen og Nattjazzprisen.
David Vogt - fiolin, vokal
Mads Berven - gitar, vokal
Karl Wallevik - nylonstrengsgitar, vokal
Kristoffer Vogt - kontrabass, vokal
Kåre Opheim - trommer, vokal
Musikk, kunst og fjord: Konserten finn stad i flotte omgivnader i Grieg Kunstsamling. Gå ikkje glipp av ei unik oppleving der du får nyte musikk omgitt av fjordutsikt og flotte kunstverk!
Varigheit: om lag 90 minutt.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: [email protected]
Advertisement
Where is it happening?
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, NorwayEvent Location & Nearby Stays: